GENESIS
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
Chapter 17
Gene | NorSMB | 17:1 | Då Abram var ni og nitti år gamall, synte Herren seg for honom, og sagde til honom: «Eg er Gud den Allvelduge. Far du fram for mi åsyn, og haldt deg ulastande, | |
Gene | NorSMB | 17:5 | Dei skal ikkje lenger kalla deg Abram, men du skal heita Abraham: til far åt ei mengd med folkeslag vil eg gjera deg. | |
Gene | NorSMB | 17:6 | Og eg vil lata deg veksa og aukast, so du vert til mange tjoder, kongar skal ættast frå deg. | |
Gene | NorSMB | 17:7 | Og eg vil stadfesta mi pakt med deg og med ætti di etter deg, frå alder til alder, ei æveleg pakt, og vera din Gud og Gud åt ætti di etter deg. | |
Gene | NorSMB | 17:8 | Og eg vil gjeva deg og ætti di etter deg det landet som du held til i, heile Kana’ans-landet, til eiga i all æva, og eg vil vera deira Gud.» | |
Gene | NorSMB | 17:9 | Og Gud sagde til Abraham: «Og du skal halda pakti mi, både du og ætti di etter deg, frå alder til alder! | |
Gene | NorSMB | 17:10 | Dette er pakti, som de skal halda, millom meg og dykk og ætti di etter deg: Alt karfolk hjå dykk skal umskjerast! | |
Gene | NorSMB | 17:11 | De skal skjera av holdet på huva dykkar: det skal vera merket på pakti millom meg og dykk. | |
Gene | NorSMB | 17:12 | Kvart sveinbarn hjå dykk skal umskjerast, fyrst det er åtte dagar gamall, alder etter alder, både dei som er fødde i huset, og dei som er kjøpte for pengar: alle dei som er frå framande land, og ikkje er av di ætt. | |
Gene | NorSMB | 17:13 | Umskjerast skal både dei som er fødde i huset ditt, og dei som er kjøpte for pengarne dine! So skal pakti mi te seg på holdet dykkar, ei æveleg pakt! | |
Gene | NorSMB | 17:14 | Men den som ikkje er umskoren, den som huveholdet ikkje er avskore på, den mannen skal verta utrudd or folket sitt; han hev brote mi pakt!» | |
Gene | NorSMB | 17:15 | Og Gud sagde til Abraham: «Saraj, kona di, skal du ikkje lenger kalla Saraj: Sara skal ho heita. | |
Gene | NorSMB | 17:16 | Og eg vil velsigna henne og gjeva deg ein son med henne og; velsigna vil eg henne, og ho skal verta til mange tjoder; kongar yver store rike skal ættast frå henne.» | |
Gene | NorSMB | 17:17 | Då kasta Abraham seg å gruve, og log. Og han sagde med seg sjølv: «Kann ein mann som er hundrad år gamall, få barn? Og Sara, som er nitti år, kann ho verta mor?» | |
Gene | NorSMB | 17:19 | Då sagde Gud: «Som eg hev sagt: Sara, kona di, skal eiga ein son, og du skal kalla honom Isak, og eg vil stadfesta pakti mi med honom, ei æveleg pakt, med hans ætt etter honom! | |
Gene | NorSMB | 17:20 | Og um Ismael, so hev eg og høyrt bøni di: Sjå, eg vil velsigna honom og lata honom veksa og aukast alt meir og meir. Tolv hovdingar skal han verta far til, og eg vil gjera honom til eit stort folk. | |
Gene | NorSMB | 17:21 | Men pakti mi vil eg stadfesta med Isak, som Sara skal eiga eit anna år dette bil.» | |
Gene | NorSMB | 17:23 | Og same dagen tok Abraham son sin, Ismael, og alle som var fødde i huset hans, og alle som var kjøpte for pengarne hans, alt karfolket i huset hans Abraham, og skar av holdet på huva deira, som Gud hadde sagt med honom. | |