GENESIS
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
Chapter 40
Gene | NorSMB | 40:1 | Ei tid etter dette hadde gjenge fyre seg, hende det at skjenkjaren og bakaren åt kongen i Egyptarland forsåg seg mot herren sin, kongen i Egyptarland. | |
Gene | NorSMB | 40:4 | Og hovdingen yver livvakti sette Josef til å sjå til deim, og han gjekk deim til handa. Og dei vart sitjande ei tid i fangehuset. | |
Gene | NorSMB | 40:5 | Ein gong hadde dei kvar sin draum, båe tvo, skjenkaren og bakaren åt kongen i Egyptarland, dei som sat fanga i tårnet; i ei og same natti hadde dei kvar sin draum, og draumarne deira hadde kvar si meining. | |
Gene | NorSMB | 40:7 | Då tala han til hirdmennerne åt Farao, deim som sat fengsla med honom hjå husbonden hans, og spurde: «Kvi er de so sturne av dykk i dag?» | |
Gene | NorSMB | 40:8 | «Me hev drøymt,» svara dei, «og det er ingen som kann tyda draumarne våre.» Då sagde Josef med deim: «Er det ikkje Gud som råder for uttydingi! Seg de meg kva de hev drøymt!» | |
Gene | NorSMB | 40:9 | So fortalde skjenkjarmeisteren Josef draumen sin og sagde med honom: «Eg tykte so skilleg det stod eit vintre framfyre meg, | |
Gene | NorSMB | 40:10 | og på det vintreet var det tri greiner. Og det syntest skjota knuppar, blomarne spratt, kartarne mogna til druvor. | |
Gene | NorSMB | 40:11 | Og staupet åt Farao heldt eg i handi, og druvorne tok eg og kreista utor deim upp i staupet åt Farao, og so rette eg staupet til Farao.» | |
Gene | NorSMB | 40:12 | Og Josef sagde med honom: «Dette er so å tyda: Dei tri greinerne, det er tri dagar. | |
Gene | NorSMB | 40:13 | Når det lid um tri dagar, skal Farao retta upp hovudet ditt og setja deg inn att i romet ditt, og du skal retta staupet til Farao, som du fyrr var van med å gjera, den tid du var skjenkjaren hans. | |
Gene | NorSMB | 40:14 | Men kom no i hug meg, når du hev fenge det godt! Kjære væne, gjer vel og tala um meg til Farao, so eg kann koma ut or dette huset! | |
Gene | NorSMB | 40:15 | For eg er stolen frå Hebræarlandet, og her hev eg ikkje heller gjort noko som dei skulde setja meg i fangeholet for.» | |
Gene | NorSMB | 40:16 | Då bakarmeisteren såg at han hadde gjeve so god ei uttyding, sagde han med Josef: «Eg tykte so skilleg eg bar tri korger med kveitebrød uppå hovudet. | |
Gene | NorSMB | 40:17 | Og i den øvste korgi var allslags kakor, som var baka åt Farao, og fuglarne åt deim upp utor korgi på hovudet mitt.» | |
Gene | NorSMB | 40:18 | Og Josef tok til ords og sagde: «Dette er so å tyda: Dei tri korgerne, det er tri dagar. | |
Gene | NorSMB | 40:19 | Når det lid um tri dagar, skal Farao retta upp hovudet ditt og hogge det av deg; so skal han hengja deg i eit tre, og fuglarne skal eta kjøtet av deg.» | |
Gene | NorSMB | 40:20 | So hende det den tridje dagen - det var årmålsdagen åt Farao - då gjorde han eit gjestebod for alle mennerne sine; og han rette upp hovudet åt skjenkjarmeisteren og bakarmeisteren imillom mennerne sine. | |
Gene | NorSMB | 40:21 | Han sette skjenkjarmeisteren inn att i embættet hans, so han fekk retta staupet til Farao, | |