Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
GENESIS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 40
Gene NorSMB 40:1  Ei tid etter dette hadde gjenge fyre seg, hende det at skjenkjaren og bakaren åt kongen i Egyptarland forsåg seg mot herren sin, kongen i Egyptarland.
Gene NorSMB 40:2  Og Farao vart harm på båe hirdmennerne sine, skjenkjarmeisteren og bakarmeisteren,
Gene NorSMB 40:3  og sette deim faste hjå hovdingen yver livvakti, i tårnet, der Josef sat fanga.
Gene NorSMB 40:4  Og hovdingen yver livvakti sette Josef til å sjå til deim, og han gjekk deim til handa. Og dei vart sitjande ei tid i fangehuset.
Gene NorSMB 40:5  Ein gong hadde dei kvar sin draum, båe tvo, skjenkaren og bakaren åt kongen i Egyptarland, dei som sat fanga i tårnet; i ei og same natti hadde dei kvar sin draum, og draumarne deira hadde kvar si meining.
Gene NorSMB 40:6  Og då Josef kom inn til deim um morgonen, såg han det på deim at dei var i ulag.
Gene NorSMB 40:7  Då tala han til hirdmennerne åt Farao, deim som sat fengsla med honom hjå husbonden hans, og spurde: «Kvi er de so sturne av dykk i dag?»
Gene NorSMB 40:8  «Me hev drøymt,» svara dei, «og det er ingen som kann tyda draumarne våre.» Då sagde Josef med deim: «Er det ikkje Gud som råder for uttydingi! Seg de meg kva de hev drøymt!»
Gene NorSMB 40:9  So fortalde skjenkjarmeisteren Josef draumen sin og sagde med honom: «Eg tykte so skilleg det stod eit vintre framfyre meg,
Gene NorSMB 40:10  og på det vintreet var det tri greiner. Og det syntest skjota knuppar, blomarne spratt, kartarne mogna til druvor.
Gene NorSMB 40:11  Og staupet åt Farao heldt eg i handi, og druvorne tok eg og kreista utor deim upp i staupet åt Farao, og so rette eg staupet til Farao.»
Gene NorSMB 40:12  Og Josef sagde med honom: «Dette er so å tyda: Dei tri greinerne, det er tri dagar.
Gene NorSMB 40:13  Når det lid um tri dagar, skal Farao retta upp hovudet ditt og setja deg inn att i romet ditt, og du skal retta staupet til Farao, som du fyrr var van med å gjera, den tid du var skjenkjaren hans.
Gene NorSMB 40:14  Men kom no i hug meg, når du hev fenge det godt! Kjære væne, gjer vel og tala um meg til Farao, so eg kann koma ut or dette huset!
Gene NorSMB 40:15  For eg er stolen frå Hebræarlandet, og her hev eg ikkje heller gjort noko som dei skulde setja meg i fangeholet for.»
Gene NorSMB 40:16  Då bakarmeisteren såg at han hadde gjeve so god ei uttyding, sagde han med Josef: «Eg tykte so skilleg eg bar tri korger med kveitebrød uppå hovudet.
Gene NorSMB 40:17  Og i den øvste korgi var allslags kakor, som var baka åt Farao, og fuglarne åt deim upp utor korgi på hovudet mitt.»
Gene NorSMB 40:18  Og Josef tok til ords og sagde: «Dette er so å tyda: Dei tri korgerne, det er tri dagar.
Gene NorSMB 40:19  Når det lid um tri dagar, skal Farao retta upp hovudet ditt og hogge det av deg; so skal han hengja deg i eit tre, og fuglarne skal eta kjøtet av deg.»
Gene NorSMB 40:20  So hende det den tridje dagen - det var årmålsdagen åt Farao - då gjorde han eit gjestebod for alle mennerne sine; og han rette upp hovudet åt skjenkjarmeisteren og bakarmeisteren imillom mennerne sine.
Gene NorSMB 40:21  Han sette skjenkjarmeisteren inn att i embættet hans, so han fekk retta staupet til Farao,
Gene NorSMB 40:22  og bakarmeisteren hengde han, so som Josef hadde spått deim.
Gene NorSMB 40:23  Men skjenkjarmeisteren kom ikkje i hug Josef; han gløymde honom.