Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
GENESIS
Prev Up Next
Chapter 33
Gene NorSMB 33:1  Og Jakob skoda framyver, og sjå, der kom Esau og fire hundrad mann med honom. Då skifte han borni millom Lea og Rakel og båe ternorne,
Gene NorSMB 33:2  og sette ternorne og borni deira fremst, og Lea og borni hennar attanfor, og Rakel og Josef attarst.
Gene NorSMB 33:3  Og sjølv gjekk han fram fyre deim, og bøygde seg nedåt jordi sju gonger, til dess han kom tett innåt bror sin.
Gene NorSMB 33:4  Men Esau sprang imot honom, og tok honom i fanget, og lagde armarne um halsen hans, og kysste honom, og dei gret.
Gene NorSMB 33:5  Då han såg upp, vart han var konorne og borni; då sagde han: «Kva er dette for folk du hev med deg?» «Det er dei borni som Gud hev unnt tenaren din,» sagde Jakob.
Gene NorSMB 33:6  So gjekk ternorne fram med borni sine og bøygde seg.
Gene NorSMB 33:7  Og Lea og borni hennar gjekk og fram og bøygde seg. Sidan gjekk Josef og Rakel fram og bøygde seg.
Gene NorSMB 33:8  Då sagde han: «Kva vilde du med heile denne buskapen som eg møtte?» «Eg vilde gjera deg blid på meg, herre bror,» sagde hin.
Gene NorSMB 33:9  Då sagde Esau: «Eg hev nok, bror. Hav du sjølv det som ditt er!»
Gene NorSMB 33:10  «Å nei, kjære væne!» sagde Jakob. «Hev du noko godvilje for meg, so tak imot gåva mi! For då eg såg deg i andlitet, var det som eg såg Guds andlit, med di du var so blid imot meg.
Gene NorSMB 33:11  Kjære deg, tak imot gåva eg sende deg! For Gud hev vore god mot meg, og eg hev nok av alle slag.» Og han nøydde honom, til han tok imot det.
Gene NorSMB 33:12  So sagde Esau: «Lat oss taka ut og koma i vegen, so skal eg fara jamte med deg.»
Gene NorSMB 33:13  Men Jakob sagde: «Du veit, herre bror, at borni ikkje toler mykje, og eg hev lambsøyor og nybære kyr å taka vare på. Driv ein deim for hardt, um det berre er ein dag, so døyr heile buskapen.
Gene NorSMB 33:14  Vil ikkje du gjera vel og fara fyre meg, herre bror! So kann eg rusla so smått, etter som drifterne og borni orkar til, til dess eg kjem til deg i Se’ir.»
Gene NorSMB 33:15  «So vil eg lata nokre av dei mennerne eg hev med, vera att hjå deg,» sagde Esau. «Kvi då?» sagde hin; «berre du vil vera blid på meg, herre bror!»
Gene NorSMB 33:16  So snudde Esau um same dagen, og for sin veg heim att til Se’ir.
Gene NorSMB 33:17  Og Jakob tok vegen til Sukkot, og bygde seg eit hus, og til buskapen sin gjorde han skålar. Difor kallar dei den staden Sukkot.
Gene NorSMB 33:18  Og Jakob kom seg vel fram til Sikemsbyen i Kana’ans-land, den gongen han for frå Mesopotamia, og han fann seg eit læger framanfor byen.
Gene NorSMB 33:19  Og det jordstykket som han hadde sett upp tjeldbudi si på, kjøpte han av sønerne hans Hemor, far åt Sikem, for hundrad gullpengar.
Gene NorSMB 33:20  Og han bygde eit altar der, og kalla det: «Gud er Gud åt Israel».