GENESIS
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
Chapter 4
Gene | NorSMB | 4:1 | Og Adam budde saman med Eva, kona si, og ho vart med barn, og åtte Kain. Då sagde ho: «Ein son hev eg fenge av Herren!» | |
Gene | NorSMB | 4:3 | Og det hende, då det leid av ei tid, at Kain bar fram åt Herren ei gåva av grøda på marki. | |
Gene | NorSMB | 4:4 | Og Abel bar og fram ei gåva, og han gav av frumselambi or fenaden sin og feittet deira. Og Herren såg blidt til Abel og gåva hans, | |
Gene | NorSMB | 4:5 | men ansa ikkje Kain og hans gåva. Då vart Kain brennande harm, og stirde nedfyre seg. | |
Gene | NorSMB | 4:7 | Hev du godt i tankar, kann du ikkje då lyfta upp augo? Og hev du ikkje godt i tankar, so ligg syndi framfyre døri og lurer. Ho trår etter deg, men du lyt halda henne i age.» | |
Gene | NorSMB | 4:8 | Og Kain sagde det med Abel, bror sin. Og det gjekk so til, medan dei var utpå marki, at Kain rauk på Abel, bror sin, og slo honom i hel. | |
Gene | NorSMB | 4:9 | Då sagde Herren til Kain: «Kvar er Abel, bror din?» Og han svara: «Eg veit ikkje. Skal eg gjæta bror min?» | |
Gene | NorSMB | 4:11 | Og no skal du vera bannlyst frå den jordi som let upp munnen og tok imot blodet åt bror din av di hand. | |
Gene | NorSMB | 4:12 | Når du dyrkar marki, skal ho ikkje meir gjeva deg sin avle. Heimlaus og fredlaus skal du vera på jordi.» | |
Gene | NorSMB | 4:14 | Sjå, du driv meg i dag ut or landet, og eg lyt løyna meg for dine augo og vera heimlaus og fredlaus på jordi, og kven som finn meg, kjem til å slå meg i hel.» | |
Gene | NorSMB | 4:15 | Då sagde Herren til honom: «Nei! for drep nokon Kain, so skal det hemnast sju gonger.» Og Herren gav Kain eit merke, so dei ikkje skulde slå honom i hel, kven som fann honom. | |
Gene | NorSMB | 4:16 | So hadde Kain seg utor Herrens augo, og busette seg i eit land som heiter Nod, austanfor Eden. | |
Gene | NorSMB | 4:17 | Og Kain budde saman med kona si, og ho vart med barn, og åtte Hanok. Sidan tok han seg til å byggja ein by, og kalla byen Hanok, etter son sin. | |
Gene | NorSMB | 4:18 | Og Hanok vart far til Irad; og Irad fekk sonen Mehujael, og Mehujael fekk sonen Metusael, og Metusael fekk sonen Lamek. | |
Gene | NorSMB | 4:20 | Og Ada åtte sonen Jabal. Frå honom er dei ætta dei som bur i tjeldbuder og held buskap. | |
Gene | NorSMB | 4:21 | Og bror hans heitte Jubal. Frå honom er dei ætta all dei som spelar på harpa og fløyta. | |
Gene | NorSMB | 4:22 | Og Silla åtte og ein son. Han vart kalla Tubalkain; og han smidde alle slag bitjarn, både av jarn og av kopar. Og syster åt Tubalkain heitte Na’ama. | |
Gene | NorSMB | 4:23 | Og Lamek kvad til konorne sine: «Ada og Silla, høyr mine ord, Lameks konor, lyd på mi røyst! Ein mann drep eg for kvart sår, og ein svein for kvar skråma eg fær. | |
Gene | NorSMB | 4:25 | Og Adam budde med kona si som han fyrr hadde gjort, og ho åtte ein son, og kalla honom Set. «For Gud hev sett meg ein annan son i staden hans Abel,» sagde ho, «for di Kain slo honom i hel.» | |