Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
GENESIS
Prev Up Next
Chapter 4
Gene NorSMB 4:1  Og Adam budde saman med Eva, kona si, og ho vart med barn, og åtte Kain. Då sagde ho: «Ein son hev eg fenge av Herren!»
Gene NorSMB 4:2  Sidan åtte ho Abel, bror hans. Og Abel vart sauehyrding, og Kain var jorddyrkar.
Gene NorSMB 4:3  Og det hende, då det leid av ei tid, at Kain bar fram åt Herren ei gåva av grøda på marki.
Gene NorSMB 4:4  Og Abel bar og fram ei gåva, og han gav av frumselambi or fenaden sin og feittet deira. Og Herren såg blidt til Abel og gåva hans,
Gene NorSMB 4:5  men ansa ikkje Kain og hans gåva. Då vart Kain brennande harm, og stirde nedfyre seg.
Gene NorSMB 4:6  Og Herren sagde til Kain: «Kvi er du harm, og kvi stend du og stirer nedfyre deg?
Gene NorSMB 4:7  Hev du godt i tankar, kann du ikkje då lyfta upp augo? Og hev du ikkje godt i tankar, so ligg syndi framfyre døri og lurer. Ho trår etter deg, men du lyt halda henne i age.»
Gene NorSMB 4:8  Og Kain sagde det med Abel, bror sin. Og det gjekk so til, medan dei var utpå marki, at Kain rauk på Abel, bror sin, og slo honom i hel.
Gene NorSMB 4:9  Då sagde Herren til Kain: «Kvar er Abel, bror din?» Og han svara: «Eg veit ikkje. Skal eg gjæta bror min?»
Gene NorSMB 4:10  Då sagde han: «Kva hev du gjort! Høyr, blodet åt bror din ropar til meg frå jordi!
Gene NorSMB 4:11  Og no skal du vera bannlyst frå den jordi som let upp munnen og tok imot blodet åt bror din av di hand.
Gene NorSMB 4:12  Når du dyrkar marki, skal ho ikkje meir gjeva deg sin avle. Heimlaus og fredlaus skal du vera på jordi.»
Gene NorSMB 4:13  Då sagde Kain til Herren: «Skuldi mi er større enn eg kann bera.
Gene NorSMB 4:14  Sjå, du driv meg i dag ut or landet, og eg lyt løyna meg for dine augo og vera heimlaus og fredlaus på jordi, og kven som finn meg, kjem til å slå meg i hel.»
Gene NorSMB 4:15  Då sagde Herren til honom: «Nei! for drep nokon Kain, so skal det hemnast sju gonger.» Og Herren gav Kain eit merke, so dei ikkje skulde slå honom i hel, kven som fann honom.
Gene NorSMB 4:16  So hadde Kain seg utor Herrens augo, og busette seg i eit land som heiter Nod, austanfor Eden.
Gene NorSMB 4:17  Og Kain budde saman med kona si, og ho vart med barn, og åtte Hanok. Sidan tok han seg til å byggja ein by, og kalla byen Hanok, etter son sin.
Gene NorSMB 4:18  Og Hanok vart far til Irad; og Irad fekk sonen Mehujael, og Mehujael fekk sonen Metusael, og Metusael fekk sonen Lamek.
Gene NorSMB 4:19  Og Lamek tok seg tvo konor. Den eine heitte Ada, og den andre heitte Silla.
Gene NorSMB 4:20  Og Ada åtte sonen Jabal. Frå honom er dei ætta dei som bur i tjeldbuder og held buskap.
Gene NorSMB 4:21  Og bror hans heitte Jubal. Frå honom er dei ætta all dei som spelar på harpa og fløyta.
Gene NorSMB 4:22  Og Silla åtte og ein son. Han vart kalla Tubalkain; og han smidde alle slag bitjarn, både av jarn og av kopar. Og syster åt Tubalkain heitte Na’ama.
Gene NorSMB 4:23  Og Lamek kvad til konorne sine: «Ada og Silla, høyr mine ord, Lameks konor, lyd på mi røyst! Ein mann drep eg for kvart sår, og ein svein for kvar skråma eg fær.
Gene NorSMB 4:24  For Kain skal sju gonger hemnast, men Lamek sju-ti og sju.»
Gene NorSMB 4:25  Og Adam budde med kona si som han fyrr hadde gjort, og ho åtte ein son, og kalla honom Set. «For Gud hev sett meg ein annan son i staden hans Abel,» sagde ho, «for di Kain slo honom i hel.»
Gene NorSMB 4:26  Og Set fekk og ein son, og kalla honom Enos. Då tok dei til å kalla på Herren.