Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
GENESIS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 48
Gene NorSMB 48:1  Ei tid etter dette hadde hendt, kom dei og sagde med Josef: «Far din er sjuk.» Då tok han med seg båe sønerne sine, Manasse og Efraim.
Gene NorSMB 48:2  Og det kom ein med bod um dette til Jakob og sagde: «Josef, son din, kjem til deg!» Då gjorde Israel seg sterk, og reiste seg upp i sengi.
Gene NorSMB 48:3  Og Jakob sagde med Josef: «Gud den Allvelduge synte seg for meg i Luz i Kana’ans-land og velsigna meg,
Gene NorSMB 48:4  og sagde til meg: «Sjå, eg vil lata deg veksa og aukast og gjera deg til ein flokk med folkeslag; og eg vil gjeva ætti di etter deg dette landet til eiga i all æva.»
Gene NorSMB 48:5  Dei tvo sønerne dine som du fekk i Egyptarlandet, fyrr eg kom hit til deg, dei skal no vera mine: Efraim og Manasse skal høyra meg til, liksom Ruben og Simeon.
Gene NorSMB 48:6  Men dei borni som du sidan hev fenge, dei skal vera dine eigne; etter brørne sine skal dei heita i det landet dei kjem til å erva.
Gene NorSMB 48:7  For då eg kom frå Mesopotamia, døydde Rakel frå meg på vegen, i Kana’ans-land, då me hadde att so mykje som eit augneleite til Efrat. Og eg jorda henne der, innmed vegen til Efrat, det som no heiter Betlehem.»
Gene NorSMB 48:8  Då Jakob såg sønerne hans Josef, spurde han: «Kven er det?»
Gene NorSMB 48:9  Og Josef sagde med far sin: «Det er sønerne mine, som Gud hev gjeve meg her.» Då sagde Jakob: «Kjære væne, kom hit til meg med deim, so eg kann få velsigna deim!»
Gene NorSMB 48:10  Men augo hans Israel var dimme av alder; han skilde ikkje klårt. So leidde Josef deim burt til honom, og han kysste deim og tok deim i fanget.
Gene NorSMB 48:11  Og Israel sagde med Josef: «Eg tenkte aldri eg skulde få sjå deg meir, og sjå no hev Gud endå til late meg få sjå borni dine!»
Gene NorSMB 48:12  So tok Josef deim ned av fanget hans, og bøygde seg nedåt jordi for honom.
Gene NorSMB 48:13  Sidan tok Josef deim båe, Efraim i høgre handi, midt for vinstre handi hans Israel, og Manasse i vinstre handi, midt for høgre handi hans Jakob, og leidde deim innåt honom.
Gene NorSMB 48:14  Og Jakob rette ut høgre handi, og lagde henne på hovudet hans Efraim, endå han var den yngste av deim, og vinstre handi lagde han på hovudet hans Manasse. Med vilje lagde han henderne so; for Manasse var eldst.
Gene NorSMB 48:15  Og han velsigna Josef og sagde: «Den Gud som federne mine, Abraham og Isak, hadde for augo medan dei ferdast på jordi, den Gud som vara meg frå di eg vart til og til den dag i dag,
Gene NorSMB 48:16  den engelen som løyste meg ut frå alt vondt, han velsigne sveinarne, so dei kann pryda namnet mitt og namnet åt federne mine, Abraham og Isak, og aukast til ei uhorveleg mengd på jordi!»
Gene NorSMB 48:17  Då Josef såg at far hans hadde lagt høgre handi på hovudet hans Efraim, mislika han det; han fata handi åt far sin og vilde flytja henne frå hovudet hans Efraim burt på hovudet hans Manasse,
Gene NorSMB 48:18  og han sagde med far sin: «Ikkje so, far! For denne er eldst; legg høgre handi på hans hovud!»
Gene NorSMB 48:19  Men det vilde ikkje far hans, og han sagde: «Eg veit det, son min, eg veit det. Han og skal verta eit folk, han og skal verta stor, men bror hans som yngre er, han skal verta større; hans ætt skal verta ein fjølde med tjoder.»
Gene NorSMB 48:20  So velsigna han deim same dagen, og sagde: «Ved deg skal Israel velsigna og segja so: «Gud gjere deg som Efraim og som Manasse!»» - han nemnde Efraim fyre Manasse.
Gene NorSMB 48:21  Sidan sagde Israel med Josef: «No lyt eg døy, men Gud skal vera med dykk og fylgja dykk attende til landet åt federne dykkar.
Gene NorSMB 48:22  Og eg gjev deg ein bergås framum brørne dine; den tok eg frå amoriten med sverdet og bogen min.»