GENESIS
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
Chapter 12
Gene | NorSMB | 12:1 | Då sagde Herren til Abram: «Far no du ut or landet ditt, burt ifrå folket og farshuset ditt, og til det landet som eg vil syna deg. | |
Gene | NorSMB | 12:2 | Og eg vil gjera deg til eit stort folk, og velsigna deg, og gjera namnet ditt stort. Du skal verta ei velsigning! | |
Gene | NorSMB | 12:3 | Og eg vil velsigna deim som velsignar deg, og den som bannar deg, vil eg forbanna; og i deg skal alle folk på jordi velsignast.» | |
Gene | NorSMB | 12:4 | So tok Abram ut, som Herren hadde sagt honom fyre, og Lot var med honom. Og Abram var fem og sytti år gamall, då han flutte frå Kharan. | |
Gene | NorSMB | 12:5 | Og Abram tok med seg Saraj, kona si, og Lot, brorson sin, og alt godset dei hadde vunne, og det folket dei hadde fenge i Kharan, og dei tok ut og vilde fara til Kana’ans-land, og dei kom til Kana’ans-land. | |
Gene | NorSMB | 12:6 | Og Abram for framigjenom landet, alt til Sikemsbygdi, til Spåmannseiki. Og kananitarne budde då der i landet. | |
Gene | NorSMB | 12:7 | Då synte Herren seg for Abram og sagde: «Dette landet vil eg gjeva ætti di!» Og Abram bygde der eit altar for Herren, som hadde synt seg for honom. | |
Gene | NorSMB | 12:8 | Derifrå flutte han til fjelli austanfor Betel, og sette upp tjeldbudi si so han hadde Betel i vest og Aj i aust. Og der bygde han Herren eit altar, og kalla på Herren. | |
Gene | NorSMB | 12:10 | So vart det uår i landet. Då for Abram ned til Egyptarland, og vilde halda til der; for naudi var stor i landet. | |
Gene | NorSMB | 12:11 | Då det leid so langt at dei mest var komne til Egyptarland, sagde han til Saraj, kona si: «Høyr no her du! Eg veit at du er ei fager kona. | |
Gene | NorSMB | 12:12 | Og det kjem til å ganga so, at når egyptarane fær sjå deg, so segjer dei: «Dette er kona hans,» og so slær dei meg i hel, men deg let dei liva. | |
Gene | NorSMB | 12:13 | Kjære deg, seg du er syster mi, so det kann ganga meg vel for di skuld, og eg ikkje skal missa livet!» | |
Gene | NorSMB | 12:14 | Då so Abram kom fram til Egyptarland, såg egyptarane kona, og tykte ho var ovfager. | |
Gene | NorSMB | 12:15 | Og hovdingarne åt Farao såg henne, og rosa henne for Farao. So vart kona henta til huset åt Farao. | |
Gene | NorSMB | 12:16 | Og Abram gjorde han vel imot for hennar skuld, og han fekk både sauer og naut og asen og drengjer og gjentor og asenfyljor og kamelar. | |
Gene | NorSMB | 12:17 | Men Herren søkte Farao og huset hans med svære plågor for Saraj skuld, kona hans Abram. | |
Gene | NorSMB | 12:18 | Og Farao kalla Abram til seg og sagde: «Kva er det du hev gjort imot meg! Kvi let du meg ikkje vita at ho var kona di? | |
Gene | NorSMB | 12:19 | Kvi sagde du at ho var syster di, so eg tok henne og vilde havt henne til kona? Sjå der hev du kona di! Tak henne og far din veg!» | |