Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOSHUA
Prev Up Next
Chapter 22
Josh NorSMB 22:1  Då kalla Josva til seg rubenitarne og gaditarne og helvti av Manasse-ætti
Josh NorSMB 22:2  og sagde til deim: «De hev gjort alt det Moses, Herrens tenar, sagde med dykk, og meg hev de og lydt i alt eg hev sagt.
Josh NorSMB 22:3  I heile denne lange tidi hev de ikkje vike frå brørne dykkar; de hev halde dykk trutt etter det som Herren, dykkar Gud, sagde fyre.
Josh NorSMB 22:4  Og no hev Herren, dykkar Gud, late brørne dykkar koma til ro, som han hadde lova deim; far no de heim att til tjeldbuderne dykkar, åt dykkar eige land, det som Moses, Herrens tenar, gav dykk på hi sida Jordan.
Josh NorSMB 22:5  Men kom vel i hug å leva etter dei bodi og den lovi som Moses, Herrens tenar, lærde dykk, at de skal elska Herren, dykkar Gud, og all tid ganga på hans vegar, og halda bodi hans, og vera trugne imot honom, og tena honom av heile dykkar hjarta og all dykkar hug!»
Josh NorSMB 22:6  So lyste Josva velsigning yver deim, og bad deim vel liva, og dei for heim att.
Josh NorSMB 22:7  Den eine helvti av Manasse-ætti hadde fenge land i Basan av Moses, og den andre helvti hadde Josva gjeve land vestanfor Jordan, saman med brørne deira. Som no Josva gav deim heimlov og velsigna deim,
Josh NorSMB 22:8  sagde han og til deim: «No fer de heim att med mange eignaluter og ovmykje bufe, med sylv og gull og kopar og jarn og ovmange klæde. Byt no med brørne dykkar det herfanget de hev teke frå fienden!»
Josh NorSMB 22:9  So tok dei då på heimvegen, Rubens-sønerne og Gads-sønerne og helvti av Manasse-ætti; dei skildest med dei andre Israels-sønerne og for frå Silo i Kana’ans-landet attende til Gilead, sitt eige land, der dei hadde fenge seg bustad, soleis som Moses hadde lova deim frå Herren.
Josh NorSMB 22:10  Men då dei kom til dei steinkrinsarne som er attmed Jordan, i Kana’ans-landet, sette dei upp eit altar der, attmed Jordan, eit stort og sjålegt altar.
Josh NorSMB 22:11  Då fekk Israels-sønerne høyra at folk sagde: «Sjå, Rubens-sønerne og Gads-sønerne og helvti av Manasse-ætti hev sett upp eit altar burtmed Jordankrinsarne, fremst i Kana’ans-landet, på den sida som høyrer til Israels-sønerne;»
Josh NorSMB 22:12  og då Israels-sønerne høyrde det, samla heile lyden seg i Silo, og vilde fara imot deim med ufred.
Josh NorSMB 22:13  Men fyrst sende dei Pinehas, son åt Eleazar, øvstepresten, til Gileadlandet,
Josh NorSMB 22:14  og saman med honom ti fyrstar, som var or kvar sitt fylke i Israel og hovdinger yver kvar si grein av Israels-ætterne.
Josh NorSMB 22:15  Då so dei kom til Gileadlandet og fann Rubens-sønerne og Gads-sønerne og helvti av Manasse-ætti, tala dei soleis til deim:
Josh NorSMB 22:16  «So segjer heile Herrens lyd: «Kva er dette for svik de no hev gjort mot Israels Gud, med di de no hev vendt dykk burt ifrå Herren og bygt dykk eit altar? Kvifor hev de no sett dykk upp imot Herren?
Josh NorSMB 22:17  Var det ’kje nok med det brotet me gjorde då me heldt oss til Peor, so ulukka kom yver Herrens lyd? Det brotet hev me endå ikkje reinsa oss frå,
Josh NorSMB 22:18  og so vender de dykk no burt frå Herren! Men set de dykk i dag upp imot Herren, so fær heile Israel i morgon kjenna hans vreide.
Josh NorSMB 22:19  Eller tykkjer de det er ureint det landet de hev fenge til eigedom, so kom berre yver til Herrens eige land, der som Herrens hus stend, og få dykk ein bustad millom oss, men set dykk ikkje upp imot Herren, og set dykk ikkje upp imot oss, med di de byggjer dykk eit altar umfram altaret åt Herren, vår Gud!
Josh NorSMB 22:20  For ikkje Akan Zerahsson og med svik då han tok av det som var vigt! Då råma vreiden heile Israels-lyden, og han var ikkje den einaste som laut døy for det brotet han hadde gjort.»»
Josh NorSMB 22:21  Då tok Rubens-sønerne og Gads-sønerne og halve Manasse-ætti til ords og tala so til hovdingarne yver Israels-ætterne:
Josh NorSMB 22:22  «Herren, den allvelduge Gud, veit det, ja Herren, den allvelduge Gud, han veit det, og Israel skal vita det, at det ikkje var i tråss og utruskap mot Herren
Josh NorSMB 22:23  me bygde oss eit altar, og ikkje på den måten at me vilde venda oss burt frå Herren; var det det, so gjev du ikkje vilde hjelpa oss i dag! Ikkje heller var altaret bygt til å ofra brennoffer eller grjonoffer eller bera fram takkoffer på; var det so, då hemne Herren sjølv seg på oss!
Josh NorSMB 22:24  Men det var ein ting me var rædde, difor gjorde me dette: me tenkte borni dykkar ein gong kunde koma til å segja til våre born: «Kva hev de å gjera med Herren, Israels Gud?
Josh NorSMB 22:25  Hev ’kje Herren sett eit skilmerke, Jordan, millom oss og dykk, de Rubens-søner og Gads-søner! De eig ikkje med i Herren.» Soleis kunde borni dykkar få våre born til å halda upp med å ottast Herren.
Josh NorSMB 22:26  So kom me på at me vilde byggja dette altaret, ikkje til brennoffer eller slagtoffer,
Josh NorSMB 22:27  men det skulde vera eit vitne millom oss og dykk og millom dei ætterne som kjem etter oss, at me vil tena Herren for hans åsyn med brennofferi og slagtofferi og takkofferi våre, so ikkje borni dykkar ein gong skal segja til våre born: «De eig ikkje med i Herren!»
Josh NorSMB 22:28  Skulde dei nokosinne segja sovore med oss eller etterkomararne våre, tenkte me, so vil me svara: «Sjå på det likjendet av Herrens altar som federne våre hev gjort, ikkje til å ofra brennoffer eller slagtoffer på, men til eit vitne millom oss og dykk!»
Josh NorSMB 22:29  Aldri kunde det sviva oss i hugen at me no vilde setja oss upp imot Herren og venda oss burt ifrå honom og byggja noko altar til brennoffer eller grjonoffer eller slagtoffer umfram det altaret som stend framfor huset åt Herren, vår Gud.»
Josh NorSMB 22:30  Då Pinehas, presten, og styresmennerne for lyden, og hovdingarne yver Israels-ætterne, som var med honom, høyrde kva Rubens-sønerne og Gads-sønerne og Manasse-sønerne sagde, lika dei det vel;
Josh NorSMB 22:31  og Pinehas, son åt Eleazar, øvstepresten, sagde til Rubens-sønerne og Gads-sønerne og Manasse-sønerne: «No kann me skyna at Herren er midt imillom oss, sidan de ikkje hev gjort dette sviket imot honom; dermed hev de berga Israels-sønerne or Herrens vald.»
Josh NorSMB 22:32  So skildest Pinehas Eleazarsson og hovdingarne med Rubens-sønerne og Gads-sønerne, og for frå Gileadlandet heim att til Kana’ans-landet, til Israels-sønerne, og sagde frå kva svar dei hadde fenge.
Josh NorSMB 22:33  Og Israels-sønerne tykte godt um svaret; dei takka Gud og tenkte ikkje lenger på å taka ut i strid mot Rubens-sønerne og Gads-sønerne og øyda landet dei budde i.
Josh NorSMB 22:34  Men Rubens-sønerne og Gads-sønerne kalla det altaret Vitne: «Eit vitne», sagde dei, «skal det vere imillom at Herren er den sanne Gud.»