EXODUS
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
Chapter 24
Exod | NorSMB | 24:1 | Og til Moses sagde han: «Stig upp til Herren, du og Aron, og Nadab og Abihu, og sytti av dei øvste i Israel. Medan de endå er langt undan, skal de kasta dykk å gruve, | |
Exod | NorSMB | 24:2 | og Moses åleine skal ganga fram til Herren; men dei hine må ikkje ganga fram, og ålmugen må ikkje stiga med honom upp.» | |
Exod | NorSMB | 24:3 | Då Moses kom og bar upp for folket alle Herrens bod og rettar, då svara heile folket med ein munn: «Alle dei ordi som Herren hev gjeve, vil me halda.» | |
Exod | NorSMB | 24:4 | So skreiv Moses upp alle Guds bod, og morgonen etter reis han upp i otta, og bygde eit altar innunder fjellet, og reiste tolv minnesteinar for dei tolv Israels-ætterne. | |
Exod | NorSMB | 24:5 | Sidan sende han ut nokre unge menner av Israels-folket, som skulde laga til brennoffer og slagtoffer, og dei henta uksar og ofra takkoffer til Herren. | |
Exod | NorSMB | 24:6 | Og Moses tok helvti av blodet og hadde i bollarne; og den andre helvti skvette han på altaret. | |
Exod | NorSMB | 24:7 | So tok han sambandsboki og las upp for folket, og dei sagde: «Alt det Herren hev sagt, vil me gjera, og vera lyduge.» | |
Exod | NorSMB | 24:8 | Då tok Moses blodet og skvette på folket, og sagde: «Sjå dette blodet skal bera vitne um det sambandet som Herren hev gjort med dykk, og som er grunna på alle desse bodi.» | |
Exod | NorSMB | 24:9 | Sidan gjekk dei upp, Moses og Aron og Nadab og Abihu og sytti av dei øvste i Israel, | |
Exod | NorSMB | 24:10 | og dei såg Israels Gud; under føterne hans var som ein tram av safirhellor, klåre som himmelen sjølv. | |
Exod | NorSMB | 24:11 | Og han lyfte ikkje handi mot dei utvalde av Israel; dei skoda Gud, og sidan åt dei og drakk. | |
Exod | NorSMB | 24:12 | Og Herren sagde til Moses: «Kom upp til meg på fjellet, og ver her eit bil, so skal eg gjeva deg steintavlorne og lovi og bodi, som eg hev skrive upp og vil læra deim.» | |
Exod | NorSMB | 24:13 | Då gjekk Moses i veg med Josva, fylgjesveinen sin, og Moses steig upp på Gudsfjellet. | |
Exod | NorSMB | 24:14 | Og til dei øvste i Israel sagde han: «Ver no her og bia på oss, til me kjem attende! Her er Aron og Hur; dei skal vera hjå dykk. Er det nokon som hev ei sak, so kann han ganga til deim.» | |
Exod | NorSMB | 24:16 | Herlegdomen åt Herren heldt seg på Sinai, men skyi gøymde nuten i seks dagar. Den sjuande dagen ropa Herren til Moses utor skyi. | |
Exod | NorSMB | 24:17 | Og herlegdomen åt Herren var å sjå til for augo åt Israels-folket som ein logande eld på fjelltinden. | |