Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
I SAMUEL
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 19
I Sa NorSMB 19:1  Saul tala med Jonatan, son sin, og med alle tenarane sine um å drepa David. Jonatan Saulsson heldt mykje av David;
I Sa NorSMB 19:2  difor nemnde Jonatan dette med David og sagde: «Saul, far min, lurar på å drepa deg. Sjå deg fyre i morgon og haldt deg roleg på eit løynd stad, og gøym deg der!
I Sa NorSMB 19:3  So vil eg ganga ut med far og standa med honom på marki der du er; eg vil nemna deg med far; og vert eg visare med noko, skal du få vita det.»
I Sa NorSMB 19:4  Jonatan tala Davids sak hjå Saul, far sin, og sagde: «Kongen må ikkje gjera synd på David, tenaren sin. For han hev ikkje gjort synd mot deg. Tvert um; det han hev gjort, hev vore til stor bate for deg.
I Sa NorSMB 19:5  Han våga livet og felte filistaren, og Herren gav so Israel ein stor siger. Du såg det sjølv og gledde deg. Kvifor skulde du gjera synd på skuldlaust blod og drepa David utan grunn?»
I Sa NorSMB 19:6  Saul lydde Jonatan, son sin. Og Saul svor: «So sant Herren liver: Han skal ikkje lata livet!»
I Sa NorSMB 19:7  So ropa Jonatan på David og fortalde honom alt dette, og førde honom til Saul, og han var hjå honom som fyrr.
I Sa NorSMB 19:8  Då krigen tok til att, for David i herferd og stridde mot filistarane, og gjorde stort mannefall millom deim, og dei rømde for honom.
I Sa NorSMB 19:9  Då kom ei vond ånd frå Herren yver Saul, der han sat heime med spjot i handi, medan David leika på strengjerne.
I Sa NorSMB 19:10  Då freista Saul å renna spjotet gjenom David inn i veggen. Men han smatt undan, og spjotet for inn i veggen. Og David rømde og kom seg burt same natti.
I Sa NorSMB 19:11  So sende Saul folk til heimen hans David; dei skulde vakta på honom og drepa honom um morgonen. Men Mikal, kona hans, fortalde honom det og sagde: «Bergar du ikkje livet i natt, so er du feig i morgon.»
I Sa NorSMB 19:12  So fira Mikal David ned gjenom vindauga; og han rømde, og berga seg undan.
I Sa NorSMB 19:13  So tok Mikal husguden og lagde i sengi, sette eit net av geitehår kring hovudet, og breidde åklædet yver.
I Sa NorSMB 19:14  Då no Saul sende folk til å henta David, sagde ho: «Han er sjuk.»
I Sa NorSMB 19:15  Saul sende då Saul folki til å finna David sjølv, og sagde: «Ber honom hit upp til meg i sengi, so me kann drepa honom!»
I Sa NorSMB 19:16  Då folki kom inn, fekk dei sjå det var husguden som låg i sengi, med geitehårsnetet kring hovudet.
I Sa NorSMB 19:17  Saul spurde Mikal: «Kvi hev du svike meg soleis og late uvenen min koma seg undan?» Mikal svara Saul: «Han sagde til meg: «Hjelp meg burt! elles drep eg deg.»»
I Sa NorSMB 19:18  Men David hadde rømt og berga seg undan. Han gjekk til Samuel i Rama, og fortalde honom alt det Saul hadde gjort honom. Og han og Samuel for til Nevajot og heldt seg der.
I Sa NorSMB 19:20  Og Saul sende folk til å henta David. Men då sendemennerne fekk sjå profetlyden i profetisk eldhug og Samuel standa der og vera føraren deira, då kom Gudsåndi yver deim, og dei kom i profetisk eldhug, dei og.
I Sa NorSMB 19:21  Då Saul fekk høyra det, sende han andre folk dit; dei og kom i profetisk eldhug. Og då han tridje venda sende nye folk, gjekk det like eins med deim.
I Sa NorSMB 19:22  Då gjekk han sjølv til Rama. Då han kom til den store brunnen i Seku, spurde han: «Kvar er Samuel og David?» Dei svara: «I Nevajot ved Rama.»
I Sa NorSMB 19:23  Då han gjekk dit, til Nevajot ved Rama, kom gudsåndi yver honom og, so han gjekk i profetisk eldhug heile vegen, til dess han kom til Nevajot ved Rama.
I Sa NorSMB 19:24  Då reiv han og av seg klædi, med di han og vart teken av profetisk eldhug framfor Samuel. Og han datt i koll og låg der naken heile den dagen og natti med. Difor plar dei segjer: «Er Saul og millom profetarne?»