ISAIAH
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66
Chapter 39
Isai | NorSMB | 39:1 | Kring den tid sende Babel-kongen Merodak Baladan Baladansson brev og gåva til Hizkia, då han høyrde at han hadde vore sjuk og vorte frisk att. | |
Isai | NorSMB | 39:2 | Hizkia var glad for dei kom, og han synte deim skattkammeret sitt, sylvet og gullet og kryddorne og den kostelege oljen, og heile våpnhuset sitt og alt som fanst i skattkammeri hans; det fanst ikkje den ting i hans hus og i heile hans rike som ikkje Hizkia synte deim. | |
Isai | NorSMB | 39:3 | Då kom profeten Jesaja til kong Hizkia og spurde honom: «Kva hev desse mennerne sagt, og kvar helst kom dei frå til deg?» Og Hizkia svara: «Frå eit land langt burte, frå Babel kom dei til meg.» | |
Isai | NorSMB | 39:4 | «Kva hev dei set i huset ditt?» spurde han. «Alt som i huset mitt finst hev dei set,» svara Hizkia; «det fanst ikkje den ting i skattkammeri mine som eg ikkje synte deim.» | |
Isai | NorSMB | 39:6 | Sjå, dagar kjem då alt som finst i huset ditt, det federne dine hev samla alt til i dag, det skal verta ført til Babel; aldri ein grand skal verta att, segjer Herren. | |
Isai | NorSMB | 39:7 | Og sume av sønerne dine, ætta frå deg, utstokne frå deg, skal takast, og dei skal verta hirdmenner i slottet åt Babel-kongen.» | |