Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
ISAIAH
Prev Up Next
Chapter 24
Isai NorSMB 24:1  Sjå, Herren tømer jordi og øyder henne, han brigder hennar skapnad, og spreider deim som bur på henne.
Isai NorSMB 24:2  Då gjeng det presten som folket, trælen som herren hans, trælkvinna som frua hennar, kjøparen som seljaren, utlånaren som lånaren, okraren som skuldmannen hans.
Isai NorSMB 24:3  Tømd, ja uttømd skal jordi verta og plundra, ja plundra. For Herren hev tala dette.
Isai NorSMB 24:4  Jordi fauskast og folnar, jordheimen ormegtast og armast. Storingarne på jordi ormegtast.
Isai NorSMB 24:5  Og jordi er vanhelga under deira føter som bur der. For dei hev brote loverne, rengt retten, brote den ævelege pakti.
Isai NorSMB 24:6  Difor øyder forbanning jordi, og bøta lyt ibuarane. Difor vert jordbuarne brende burt, so få folk vert leivde.
Isai NorSMB 24:7  Druvesafti tek skade, vintreet visnar; sukka lyt alle hjarteglade.
Isai NorSMB 24:8  Det er slutt med den glade ljod av trummor og slutt med ståket av deim som jublar. Det er slutt med gleda ved klangen av cither.
Isai NorSMB 24:9  Syngjande tømer dei ikkje vinstaupet meir; beisk er drykken for deim som drikk.
Isai NorSMB 24:10  Nedbroten er den aude byen; stengt er kvart hus, so ingen kann ganga inn.
Isai NorSMB 24:11  Dei skrik på gatorne yver vinen, all gleda er burte, landlyst er gaman or landet.
Isai NorSMB 24:12  Berre øyding er leivd i byen, og porten ligg krasa i røys.
Isai NorSMB 24:13  For soleis skal det ganga til midt millom folki på jord, liksom når oljeber vert nedslegne, som ved etterhaustingi, når det er slutt med vinbergingi.
Isai NorSMB 24:14  Dei, dei skal lyfte røysti si og ropa med fagnad; yver Herrens herlegdom skal dei frå havet fegnast.
Isai NorSMB 24:15  «Æra difor Herren, de i Austerland, namnet åt Herren, Israels Gud, de på havsens øyar.»
Isai NorSMB 24:16  Frå ytste jaren åt jordi høyrer me lovsong: «Æra vere den rettferdige!» Men eg segjer: Eg gjeng til, eg gjeng til, usæl eg! Ransmenner ranar, ja ransmenner gjer ran.
Isai NorSMB 24:17  Gruv og grav og gildra yver deg, du som bur på jordi!
Isai NorSMB 24:18  Og det skal henda at den som flyr for det gruvelege bråket, skal falla i gravi, og den som kjem upp or gravi, skal verte fanga i gildra. For himmelslusorne er opna, og grunnvollarne åt jordi skjelv.
Isai NorSMB 24:19  Jordi brest og knest, jordi rivnar og klovnar, jordi skjek og skjelv.
Isai NorSMB 24:20  Skjangla skal jordi som drukken mann, svaga som eit gjætarskjol, misgjerdi hennar skal tyngja henne ned, og ho skal falla og ikkje reisa seg meir.
Isai NorSMB 24:21  Og det skal henda på den dagen at Herren skal heimsøkja høgheimsheren i høgdom og jordkongarne nedpå jordi,
Isai NorSMB 24:22  og dei skal sankast som fangar i hola og setjast fast i fangehuset, og etter mange dagar skal dei få si straff.
Isai NorSMB 24:23  Og månen skal blygjast og soli skjemmast. For Herren, allhers drott, råder på Sionsfjellet og i Jerusalem, og framfor augo på hans styresmenner er det herlegdom.