ISAIAH
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66
Chapter 3
Isai | NorSMB | 3:1 | For sjå Herren, Allhers-Herren, skal taka burt frå Jerusalem og Juda kvar studnad og stav, kvar studnad av mat, og kvar studnad av vatn, | |
Isai | NorSMB | 3:3 | femtimanns-førar og vyrdingsmann, rådsherre og handverksmeister og trollkunnig mann. | |
Isai | NorSMB | 3:5 | Og folket - den eine skal plåga den andre, kvar ein sin granne. Guten skal setja seg upp imot den gamle, fanten imot fagnamannen. | |
Isai | NorSMB | 3:6 | Når det då hender, at ein fær tak i ein annan i huset åt far hans, og segjer: «Du eig då ein klædnad, ver du styraren vår! Tak då rådvelde yver dette fallande riket!» | |
Isai | NorSMB | 3:7 | då skal han svara og segja: «Eg er ingen sårlækjar, i mitt hus er korkje brød eller klæde; gjer ikkje meg til styrar yver folket!» | |
Isai | NorSMB | 3:8 | For Jerusalem snåvar og Juda fell, av di dei i ord og gjerd stend Herren imot, og er tråssuge framfor hans herlegdoms åsyn. | |
Isai | NorSMB | 3:9 | Sjølve andlitssvipen deira vitnar imot deim, og liksom i Sodoma talar dei utan dulsmål um syndi si. Ve deira sjæl! For dei valdar seg sjølv ulukka. | |
Isai | NorSMB | 3:10 | Seg um den rettferdige at det skal ganga honom godt; frukti av si gjerning skal han njota. | |
Isai | NorSMB | 3:11 | Men usæl den ugudlege! honom skal det ganga ille; hans eigne gjerningar hemnar seg på honom sjølv. | |
Isai | NorSMB | 3:12 | Styraren yver mitt folk er eit barn, og kvinnor råder yver det. Mitt folk, førarane dine fører deg vilt, og gjer vegen du skal fara til villstig. | |
Isai | NorSMB | 3:14 | Herren held rettargang med sitt folks styresmenner og hovdingar: «De hev plundra vinhagen! Ran frå fatigmannen er i husi dykkar! | |
Isai | NorSMB | 3:15 | Korleis kann de soleis skamfara mitt folk og trakka dei fatige under fot?» segjer Herren, Allhers-Herren. | |
Isai | NorSMB | 3:16 | Og Herren segjer: «Av di Sions døtter briskar seg og gjeng med bratt nakke og spelar med augo, og gjeng og trippar og ringlar med fotringarne sine, | |
Isai | NorSMB | 3:17 | so skal Herren gjera kruna skurvut på Sions døtter, og Herren skal nækja deira blygsla. | |
Isai | NorSMB | 3:18 | På den dagen tek Herren frå deim all stasen deira: Fotringar, panneband, halssylgjor, | |
Isai | NorSMB | 3:24 | Og det skal verta illtev i staden for godange, reip i staden for belte, fleinskalle i staden for flettor, sekkjety i staden for høgtidstidsbunad og svidmerke i staden for vænleik. | |