ISAIAH
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66
Chapter 13
| Isai | NorSMB | 13:2 | Reis eit merke på skoglaust fjell, ropa høgt til deim, veifta med handi, at dei må koma og draga inn gjenom portarne åt valdsherrarne. | |
| Isai | NorSMB | 13:3 | Eg hev bode ut dei vigde mennerne mine, ja, til å føra fram min vreide hev eg kalla kjemporne mine, dei sigerbyrge, jublande skarar. | |
| Isai | NorSMB | 13:4 | Høyr, bråk på fjelli som av eit stort folk! Høyr gnyen av kongerike, av folk som strøymer i hop! Herren, allhers drott, mynstrar stridsheren sin. | |
| Isai | NorSMB | 13:5 | Ifrå land langt burte kjem dei, frå himmelens ende, Herren og hans vreide-verkty, og vil herja heile jordi. | |
| Isai | NorSMB | 13:8 | Dei skjelv, verk og ve tek deim, dei vrid seg som ei fødande kvinna. Vitskræmde stirer dei på kvarandre, raude som eldslogar er dei i andlitet. | |
| Isai | NorSMB | 13:9 | Sjå, Herrens dag kjem gruveleg, full av vreide og brennande harm, og skal gjera jordi til ei øydemark, og rydja ut syndarane hennar. | |
| Isai | NorSMB | 13:10 | For stjernorne og stjernebilæti på himmelen let ikkje ljoset sitt skina, myrk er soli når ho renn, og månen let ikkje ljoset sitt stråla. | |
| Isai | NorSMB | 13:11 | Eg vil heimsøkja jordi for vondskapen og dei gudlause for deira misgjerningar, eg vil gjera ende på storlætet åt dei ovmodige og døyva byrgskapen hjå valdsherrarne. | |
| Isai | NorSMB | 13:12 | Eg skal gjera folk meir sjeldsynte enn fint gull, menneskje meir sjeldsynte enn gull frå Ofir. | |
| Isai | NorSMB | 13:13 | Difor vil eg skaka himmelen, og jordi skal fara bivrande upp frå sin stad ved harmen åt Herren, allhers drott, på den dagen vreiden hans brenn. | |
| Isai | NorSMB | 13:14 | Som skræmde gasellor, som sauer som ingen sankar, skal dei snu heim, kvar til sitt folk, og fly kvar til sitt land. | |
| Isai | NorSMB | 13:15 | Kvar den som vert funnen, vert gjenomstungen, og kvar den som vert gripen, skal falla for sverd. | |
| Isai | NorSMB | 13:16 | Småborni deira skal krasast framfor augo deira; husi deira skal verta herja og kvinnorne deira valdtekne. | |
| Isai | NorSMB | 13:17 | Sjå, eg eggjar mot deim medarane, som ikkje bryr seg um sylv eller trår etter gull. | |
| Isai | NorSMB | 13:18 | Bogarne deira skal fella gutarne; med livsfrukt hev dei ingen medynk, borni sparer dei ikkje. | |
| Isai | NorSMB | 13:19 | Og med Babel, kruna millom riki, den stolte kaldæar-pryda, skal det ganga som då Gud lagde Sodoma og Gomorra i øyde. | |
| Isai | NorSMB | 13:20 | Aldri meir skal det byggjast att; frå ætt til ætt skal ingen bu der; ingen arab skal slå upp sitt tjeld, og ingen hyrding lægra seg der med si hjord. | |
| Isai | NorSMB | 13:21 | Men villdyr skal liggja der, og husi fyllast av hubro; strutsar skal bu der, og raggetroll hoppa ikring. | |