ISAIAH
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66
Chapter 49
Isai | NorSMB | 49:1 | De øyland, høyre på meg, og lyde, de folk langt burte! Meg hev Herren kalla frå moderliv og nemnt meg på namn frå moderfang. | |
Isai | NorSMB | 49:2 | Min munn hev han gjort til eit sverd so kvast, i skuggen av handi si hev han meg gøymt, og meg hev han gjort til ei pil so blank og hev gøymt meg i pilehuset sitt. | |
Isai | NorSMB | 49:4 | Men eg sagde: «Eg hev stræva til fåfengs, til unyttes reint hev eg øydt mi kraft. Men like vel er min rett hjå Herren, og løni mi er hjå min Gud.» | |
Isai | NorSMB | 49:5 | «Men no,» segjer Herren, som hev gjort meg til tenar frå moderliv til å føra Jakob attende til han, so Israel kann samlast til han - og eg vann æra for Herrens augo, og min Gud, han vart min styrke - | |
Isai | NorSMB | 49:6 | han segjer: «D’er for lite at du er min tenar til å attreisa Jakobs ætter og Israels leivningar føra til meg. So vil eg gjera deg til heidningljos, at mi frelsa kann nå til enden av jordi.» | |
Isai | NorSMB | 49:7 | So segjer Herren, Israels løysar og Heilage, til den djupt vanvyrde som folk hev stygg for, til trælen under tyranner: Kongar skal sjå det og reisa seg upp, hovdingar med, og kasta seg ned for Herrens skuld som trufast er, Israels Heilage som valde deg ut. | |
Isai | NorSMB | 49:8 | So segjer Herren: I nådestundi eg bønhøyrer deg, og på frelsedagen hjelper eg deg, og eg varar deg og gjer deg til folkepakt, til å attreisa landet og utskifta øydelagd odelsgrunn. | |
Isai | NorSMB | 49:9 | Du skal segja til fangar: «Gakk ut!» Til deim i myrkret: «Kom fram!» Attmed vegarne skal dei få beita og hava kvar snaudheid til beite. | |
Isai | NorSMB | 49:10 | Dei skal ikkje svelta, skal ikkje tyrsta, og ikkje skal sandglod og solsteik deim skada, for deira miskunnar skal føra deim og leida deim lint til uppkomevatn, | |
Isai | NorSMB | 49:12 | Sjå, dei kjem langt burtanfrå! sume frå nord og sume frå vest og sume frå sinesar-landet. | |
Isai | NorSMB | 49:13 | Jubla himmel, og fegnast jord, de berg set i med glederop! For Herren trøystar sitt folk og miskunnar armingarn’ sine. | |
Isai | NorSMB | 49:15 | Gløymer vel ei kvinna sogbarnet sitt, so ho ikkje miskunnar den ho bar under hjarta? Um endå dei kunde gløyma, so gløymer eg ikkje deg. | |
Isai | NorSMB | 49:18 | Upp med augo og sjå deg ikring! Alle samlar seg hit til deg. So sant eg liver, segjer Herren, du skal hava deim alle på deg til prydnad og binda deim um deg til brurebelte. | |
Isai | NorSMB | 49:19 | For ruinarne dine og grushaugarne og ditt herja land - jau, no vert du for trong for borgarane, og burte er dei som gløypte deg. | |
Isai | NorSMB | 49:20 | Endå skal du få høyra borni frå barnløyse segja: «Romet er meg for trongt. Flyt deg, so eg kann få bu!» | |
Isai | NorSMB | 49:21 | Då tenkjer du med deg sjølv: «Kven hev født meg desse borni? For eg var barnlaus og ufør til føding, utlæg og heimlaus, kven hev fostra desse? Eg sat eismall att, kvar var då dei?» | |
Isai | NorSMB | 49:22 | So segjer Herren, Herren: Sjå, eg lyftar mi hand for heidningarne, og reisar mitt merke for folkeslagi, so kjem dei med sønerne dine i fanget, og døtterne dine ber dei på herdi. | |
Isai | NorSMB | 49:23 | Kongar vert fosterfeder for deg og deira dronningar ammor åt deg. Dei kastar seg ned på jordi for deg og slikkar moldi av føterne dine. Då fær du røyna at eg er Herren, at dei ikkje vert svikne som vonar på meg. | |
Isai | NorSMB | 49:24 | Kann ein taka herfanget frå ei kjempa? Eller fangarne sleppa frå den som hev siger-retten? | |
Isai | NorSMB | 49:25 | Ja! for so segjer Herren: Både skal dei taka fangar frå kjempa, og valdsmanns herfang skal sleppa undan, og eg vil strida med motparten din og frelsa sønerne dine. | |