ISAIAH
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66
Chapter 23
Isai | NorSMB | 23:1 | Framsegn um Tyrus. Jamra dykk, de Tarsis-skip! For de er lagt i øyde, utan hus og utan heimkoma. Frå Kittims land fær dei fretnad um det. | |
Isai | NorSMB | 23:2 | Sit tagalle, de som bur på havstrandi! Kjøpmenner frå Sidon, sjøfarande menner, fyllte deg; | |
Isai | NorSMB | 23:3 | av sædet i Sihor og kornet ved Nilen gjorde du deg vinning, med di du for yver store vatn og dreiv handel millom folki. | |
Isai | NorSMB | 23:4 | Men statt no der med skam, du Sidon; for so segjer havet, havborgi: «Eg hev ikkje vore barnsjuk og hev ikkje født born, ikkje ale unge menner eller fostra ungmøyar.» | |
Isai | NorSMB | 23:7 | Er dette dykkar glade by, som rekna upphavet sitt frå eldegamle dagar, og som av føterne sine vert boren til land langt burte til å vera gjest der? | |
Isai | NorSMB | 23:8 | Kven hev tenkt ut dette mot Tyrus, mot henne som deilte ut kongekrunor - der som kjøpmennerne var fyrstar og kræmarane høyrde med til stormennerne på jordi? | |
Isai | NorSMB | 23:9 | Herren, allhers drott, er den som hev tenkt det ut, han vilde vanhelga all skrøytande herlegdomen og vanæra alle desse stormennerne. | |
Isai | NorSMB | 23:10 | Flød yver landet ditt, liksom Nilelvi, du dotter Tarsis! Du hev ingi demming meir. | |
Isai | NorSMB | 23:11 | Han rette ut handi si yver havet, han fekk kongeriki til å skjelva. Herren baud at borgerne i Kana’ans-landet skulde øydeleggjast. | |
Isai | NorSMB | 23:12 | Han sagde: «Du skal ikkje meir få gama deg, du valdtekne møy, dotter Sidon. Tak ut og far yver til Kittim, ikkje heller der skal du finna kvild. | |
Isai | NorSMB | 23:13 | Sjå landet åt kaldæarane, eit folk som ikkje var til, Assur gjorde grenderne deira til bustad for villdyri. Dei reiser no upp hertårni sine, dei riv ned slotti i byen og gjer honom til ein grushaug. | |
Isai | NorSMB | 23:15 | På den dagen skal Tyrus gløymast i sytti år, ein kongealder; men når sytti år er lidne, skal det ganga med Tyrus som det heiter i visa um skjøkja: | |
Isai | NorSMB | 23:16 | «Tak din cither og gakk umkring i byen, du gløymde skjøkja! Spel fagert, og syng trottugt, so dei kann koma deg i hug!» | |
Isai | NorSMB | 23:17 | Når dei sytti åri er lidne, skal Herren gjesta Tyrus, og ho skal atter få fara til å taka imot skjøkjeløn og driva utukt med alle kongeriki på den vide jord. | |