ISAIAH
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66
Chapter 6
Isai | NorSMB | 6:1 | Det året då kong Uzzia døydde, såg eg Herren sitja på ein høg og hæv kongsstol, og slæpet på klædnaden hans fyllte templet. | |
Isai | NorSMB | 6:2 | Serafar stod ikring honom. Kvar av deim hadde seks vengjer: med tvo gøymde dei andliti sine, med tvo gøymde dei føterne sine, og med tvo flaug dei. | |
Isai | NorSMB | 6:3 | Og den eine ropa til den andre og sagde: «Heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot, all jordi er full av hans æra!» | |
Isai | NorSMB | 6:5 | Då sagde eg: «Usæl er eg, no er ute med meg! for eg er ein mann med ureine lippor, og eg bur millom eit folk med ureine lippor, og augo mine hev set kongen, Herren, allhers drott!» | |
Isai | NorSMB | 6:6 | Men ein av serafarne flaug fram til meg, han hadde i handi ein glod som han med ei tong hadde teke på altaret. | |
Isai | NorSMB | 6:7 | Med den rørde han ved munnen min, og so sagde han: «Sjå, denne hev rørt ved lipporne dine, no er di misgjerd burte, og di synd er sona.» | |
Isai | NorSMB | 6:8 | Og eg høyrde Herren tala og sagde: «Kven skal eg senda, og kven vil vera vår bodberar?» Då sagde eg: «Sjå her er eg, send meg!» | |
Isai | NorSMB | 6:9 | Og han sagde: «Gakk av stad og seg til dette folket: «Høyr og høyr, men håtta ikkje! Sjå og sjå, men skyna ikkje!» | |
Isai | NorSMB | 6:10 | Gjer hjarta hardt på dette folket, gjer øyro dauvhøyrt og gjer augo blinde, so dei ikkje ser med augo eller høyrer med øyro eller skynar med hjarta, og vender um og vert lækte.» | |
Isai | NorSMB | 6:11 | Men eg sagde: «Kor lenge, Herre?» Han sagde: «Til dess byarne ligg aude og tome, og husi stend utan folk, og landet ligg att som ei øydemark, | |
Isai | NorSMB | 6:12 | til dess Herren hev sendt folket langt burt, og øydestaderne hev vorte mange i landet. | |