ISAIAH
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66
Chapter 38
| Isai | NorSMB | 38:1 | I dei dagarne lagdes Hizkia i helsott; då kom profeten Jesaja Amosson til honom og sagde med honom: «So segjer Herren: «Skila for deg! for du skal døy; du vert ikkje god att.»» | |
| Isai | NorSMB | 38:3 | «Å Herre! kom i hug kor eg hev ferdast ærleg og heilhjarta di åsyn og gjort det som godt var i dine augo!» Og Hizkia sette i og storgret. | |
| Isai | NorSMB | 38:5 | «Gakk og seg til Hizkia: «So segjer Herren, Gud åt David, far din: Eg hev høyrt bøni di og set tårorne dine. Sjå, eg aukar alderen din med femtan år. | |
| Isai | NorSMB | 38:8 | Sjå, eg let skuggen på solskiva, som med soli hev gjenge ned på solskiva åt Ahaz, ganga ti strik attende.»» Og soli gjekk attende ti av dei striki ho hadde gjenge ned. | |
| Isai | NorSMB | 38:9 | Ein skrift av Hizkia, kongen i Juda, då han hadde vore sjuk, men hadde kome seg av sjukdomen: | |
| Isai | NorSMB | 38:10 | «Eg sagde: I mine beste år lyt eg fara igjenom helheimsportarne; eg lyt bøta med resten av åri mine. | |
| Isai | NorSMB | 38:11 | Eg sagde: Eg fær ikkje sjå Herren, Herren i landet åt dei livande; eg fær ikkje skoda menneskje meir millom deim som bur i stilla. | |
| Isai | NorSMB | 38:12 | Min bustad vert upprykt og burtførd frå meg som eit hyrdingtjeld. Eg hev rulla mitt liv i hop som ein vevar; frå varpet skjer han meg av; fyrr dag vert natt, er du ferdig med meg. | |
| Isai | NorSMB | 38:13 | Eg roa meg alt til morgons; som ei løva, so bryt han alle mine bein; fyrr dag vert natt, er du ferdig med meg. | |
| Isai | NorSMB | 38:14 | Som ei svala, ei trana, so sutra eg, eg kurra som ei duva; dimt såg mine augo mot høgdi: Eg er kvidefull, Herre, borga for meg! | |
| Isai | NorSMB | 38:15 | Kva skal eg segja? Han hev meg sagt det, og han hev gjort det. Stilt vil eg ferdast alle mine år for all mi sjælekvida. | |
| Isai | NorSMB | 38:16 | Herre, dei er til liv, og dei held uppe alt liv i mi ånd. So gjer meg då frisk og lat meg liva! | |
| Isai | NorSMB | 38:17 | Det beiske, det beiske vart meg til fred, og du drog kjærleg mi sjæl or tyningsgravi; for du kasta bak din rygg alle synderne mine. | |
| Isai | NorSMB | 38:18 | For ikkje prisar helheimen deg, ikkje lovar dauden deg; ikkje vonar dei som fer ned i gravi på truskapen din. | |
| Isai | NorSMB | 38:19 | Den livande, den livande, han prisar deg liksom eg i dag; ein far lærer borni sine um truskapen din. | |
| Isai | NorSMB | 38:20 | Herren vil frelsa meg, og på strengleikar vil me leika alle våre livedagar i Herrens hus.» | |
| Isai | NorSMB | 38:21 | Jesaja sagde dei skulde taka ei fikekaka og leggja til plåster på svullen, so han skulde friskna til att. | |