Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
ISAIAH
Prev Up Next
Chapter 62
Isai NorSMB 62:1  For Sions skuld vil eg ikkje tegja; for Jerusalems skuld vil eg ei vera still, fyrr hennar rettferd kjem fram som solskin og hennar frelsa som brennande kyndel.
Isai NorSMB 62:2  Og folki skal sjå di rettferd og alle kongar din herlegdom, dei skal kalla deg med eit nytt namn, som Herrens munn skal nemna.
Isai NorSMB 62:3  Du skal vera ei herleg krans i handi åt Herren, ei kongekruna i handi åt din Gud.
Isai NorSMB 62:4  Du skal ikkje heita «den forlatne» lenger, og ditt land ikkje heita «øydeland», men du skal heita «ho eg hev huglagt», og landet ditt «egtevivet»; for Herren hev hugnad i deg, og landet ditt skal verta egtevigt.
Isai NorSMB 62:5  Som ein ungdom giftar ei gjenta, so skal dine søner deg gifta, og som brudgomen gled seg i bruri, skal din Gud gleda seg i deg.
Isai NorSMB 62:6  På murarne dine, Jerusalem, hev eg vaktmenner sett; heile dagen og heile natti skal dei aldri tegja. De som maner på Herren, unn dykk ingi ro!
Isai NorSMB 62:7  Og gjev ikkje honom ro fyrr han grunnar Jerusalem og let det verta til emne for lovsong på jordi!
Isai NorSMB 62:8  Herren hev svore ved si høgre hand og ved sin velduge arm: Eg skal ikkje lenger gjeva ditt korn til føda for fiendarn’ dine, og ei skal utlendingar drikka di saft, som du hev havt møda med;
Isai NorSMB 62:9  nei, dei som hausta, skal eta og prisa Herren, og dei som sankar druvorne, skal drikka i mine heilage tun.
Isai NorSMB 62:10  Drag ut, drag ut gjenom portarne, ryd vegen for folket, brøyt, brøyt brauti, reinsa burt steinen, lyft eit merke upp yver folki!
Isai NorSMB 62:11  Høyr, Herren let det ljoma til heimsens ende: Seg til Sions dotter: Sjå, di frelsa kjem! Sjå, si løn hev han med seg, og hans vederlag gjeng fyre honom.
Isai NorSMB 62:12  Og dei skal kallast «det heilage folket», «Herrens løyste»; og du sjølv skal heita «den søkte», «byen som ikkje er aud».