Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
ISAIAH
Prev Up Next
Chapter 17
Isai NorSMB 17:1  Framsegn um Damaskus. Damaskus skal ikkje lenger vera ein by, det skal verta ein grushaug.
Isai NorSMB 17:2  Aroer-byarne skal verta folketome; hjorder skal få deim til heim, dei skal liggja der, og ingen skræmer deim.
Isai NorSMB 17:3  Og det skal vera slutt med borgi i Efraim og med kongedømet i Damaskus, med leivningen av Syria. Det skal ganga med deim som med herlegdomen åt Israels-borni, segjer Herren, allhers drott.
Isai NorSMB 17:4  På den tid vert Jakobs herlegdom vesall, og holdet hans minkar burt.
Isai NorSMB 17:5  Det skal ganga honom liksom når skurdmannen grip i åkeren og armen hans skjer aksi. Det skal ganga liksom når dei sankar aks i Refa’imsdalen.
Isai NorSMB 17:6  Berre ein etterhaust skal verta att, liksom når ein slær ned ber av oljetreet, tvo, tri ber uppi toppen, ei fire, fem på greinerne åt frukttreet, segjer Herren, Israels Gud.
Isai NorSMB 17:7  På den tid skal mannen venda seg til skaparen sin og augo hans sjå upp til Israels Heilage.
Isai NorSMB 17:8  Og han skal ikkje lenger venda si syn til dei altar hans hender hev gjort, og ikkje sjå på det fingrarne hans hev verka, korkje på Astarte-bilæti eller solstolparne.
Isai NorSMB 17:9  På den tidi skal dei faste byarne deira verta liksom dei aude tufter i skogarne og på høgderne, dei som dei drog burt ifrå for Israels-borni skuld, og landet skal verta ei øydemark.
Isai NorSMB 17:10  For du hev gløymt Gud, frelsaren din, og minnest ikkje ditt sterke fjell. Difor plantar du yndelege hagar og set utlendske vintre i deim.
Isai NorSMB 17:11  Den dagen du plantar, set du gjerde kringum, og um morgonen fær du plantningen til å bløma: avlen kverv på dagen med sjukdom og ulækjeleg pinsla.
Isai NorSMB 17:12  Høyr brusen av mange folk! det bruser som havet bruser. Høyr dynen av folkeslag, det dyn som velduge vatn.
Isai NorSMB 17:13  Ja, det dyn av folkeslag som når store vatn dynja. Men han trugar deim, og dei flyr langt burt; dei vert føykte som agner for vind på fjelli, dei kverv som fjom i storm.
Isai NorSMB 17:14  Um kvelden, sjå då er det rædsla, og innan morgonen lyser, er han ikkje meir til. Soleis gjeng det deim som plundrar oss, dette er luten åt deim som ranar hjå oss.