ISAIAH
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66
Chapter 52
Isai | NorSMB | 52:1 | Vakna, vakna! klæd deg i di kraft, du Sion! Klæd deg i ditt høgtidsskrud, Jerusalem, du heilage by! For aldri meir skal det koma i deg ein u-umskoren eller urein. | |
Isai | NorSMB | 52:2 | Rist av deg dusti og reis deg, og kom deg til sætes, Jerusalem! Løys deg frå lekkjorne um din hals, du fanga Sions-dotter! | |
Isai | NorSMB | 52:3 | For so segjer Herren: For inkje vart de selde, og utan pengar skal de verta utløyste. | |
Isai | NorSMB | 52:4 | For so segjer Herren, Herren: Fyrr drog folket mitt ned til Egyptarland og vilde vera gjester der, og Assur var hard imot det utan grunn. | |
Isai | NorSMB | 52:5 | Og no, kva skal eg vel gjera her? segjer Herren, då folket mitt er burtrive for inkje, valdsherrarne uler, segjer Herren, og alltid, heile dagen, vert namnet mitt spotta. | |
Isai | NorSMB | 52:6 | Difor skal folket mitt læra å kjenna namnet mitt; difor skal de merka den dagen at det er eg som taler: ja, her er eg. | |
Isai | NorSMB | 52:7 | Kor fagre er på fjelli hans føter som ber gledebod, som forkynner fred, som ber godt bod, som forkynner frelsa, som segjer til Sion: «Din Gud er no konge!» | |
Isai | NorSMB | 52:8 | Høyr, dine vaktmenn ropar! Dei jublar alle i hop. For dei ser med eigne augo at Herren kjem heim att til Sion. | |
Isai | NorSMB | 52:9 | Set alle i med jubelrop, de grushaugar i Jerusalem! For Herren trøystar sitt folk, løyser ut Jerusalem. | |
Isai | NorSMB | 52:10 | Herren syner sin heilage arm for augo på alle folk, og alle utbygder på jordi ser frelsa frå vår Gud. | |
Isai | NorSMB | 52:11 | Burt, burt, drag ut derifrå! Ikkje rør noko ureint! Drag ut derifrå og reinsa dykk, de som ber Herrens kjerald! | |
Isai | NorSMB | 52:12 | For de skal ikkje fara hovudstup, ikkje heller renna i flog. For Herren gjeng fyre dykk, og Israels Gud fer sist i ferdi. | |
Isai | NorSMB | 52:14 | Som dei fælte av deg mange - so umenneskjeleg skamførd såg han ut og ei som mannsborn hans skapnad var - | |