Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
ISAIAH
Prev Up Next
Chapter 10
Isai NorSMB 10:1  Usæle dei som gjev urettferdige lover, og som med all si skriving berre bokfører urett,
Isai NorSMB 10:2  so dei kann trengja småfolk burt ifrå retten og rana frå armingarne i folket mitt det som deira er og gjera enkjor til sitt herfang og plundra farlause.
Isai NorSMB 10:3  Kva vil de gjera på heimsøkjingsdagen, når undergangen kjem langt burtan ifrå? Kven vil de fly til etter hjelp, og kvar vil de gøyma skattarne dykkar?
Isai NorSMB 10:4  Er det noko anna for enn å bøygja kne millom fangar eller å falla millom drepne? Med alt dette hev ikkje vreiden hans vendt seg, og endå retter han ut handi.
Isai NorSMB 10:5  Usæl Assur, mitt vreideris! Min harm er staven i handi hans.
Isai NorSMB 10:6  Mot eit gudlaust folk sender eg honom, eg byd honom fara imot eit folk som eg er harm på, at han skal plundra og rana og trakka det ned som saur på gatorne.
Isai NorSMB 10:7  Men soleis meiner ikkje han, og hjarta hans tenkjer ikkje soleis. Nei, hans hug stend til å øyda og rydja ut folk i mengd.
Isai NorSMB 10:8  Han segjer: «Er ikkje hovdingarne mine kongar alle i hop?
Isai NorSMB 10:9  Hev det ikkje gjenge Kalno liksom Karkemis og Hamat liksom Arpad og Samaria liksom Damaskus?
Isai NorSMB 10:10  Liksom mi hand hev nått kongeriki åt dei andre gudarne, endå gudebilæti var meir tallrike enn i Jerusalem og i Samaria,
Isai NorSMB 10:11  skulde eg ikkje då magta å gjera det same med Jerusalem og gudebilæti der som eg hev gjort med Samaria og gudarne der?»
Isai NorSMB 10:12  Men når Herren hev fullført alt sitt verk på Sionsfjellet og i Jerusalem, skal eg heimsøkja assyrarkongen for hans hjartans ovmodsfrukt og for hans høglyfte, stolte augo.
Isai NorSMB 10:13  For han segjer: «Med mi velduge hand hev eg gjort dette og med min visdom, for eg er gløgg. Eg flutte folkegrensorne, og rana eignaluterne deira, og i mitt velde støytte eg ned deim som sat i kongsstolarne,
Isai NorSMB 10:14  og handi mi greip etter skattarne åt folki liksom fuglereir, og liksom dei samlar egg som fuglarne er flogne av, soleis samla eg saman alle land på jordi, det fanst ingen som rørde vengen eller opna nebben til minste pip.»
Isai NorSMB 10:15  Skal då øksi briska seg imot honom som høgg med henne? eller sagi skrøyta mot den som sagar? Rett liksom kjeppen skulde svinga den som lyfter honom! eller staven honom som ikkje er av tre!
Isai NorSMB 10:16  Difor skal Herren, Allhers-Herren, senda tærande sott i den feite kroppen hans, og under hans herlegdom skal ein eld loga upp som eit brennande bål.
Isai NorSMB 10:17  Israels ljos skal verta ein eld, og den Heilage i Israel til ein loge, og dei skal brenna upp og øyda hans tornar og tistlar, alt på ein dag.
Isai NorSMB 10:18  Og han skal gjera ende på dei gilde skogarne og aldehagarne hans med rubb og stubb; han skal verta liksom ein sjukling som visnar burt.
Isai NorSMB 10:19  Dei tre som vert att i skogen hans, skal vera lett teljande, eit barn kann skriva deim upp.
Isai NorSMB 10:20  På den tid skal leivningen av Israel og det som er att av Jakobs hus ikkje lenger stydja seg til honom som slo deim, men trufast stydja seg til Herren, Israels Heilage.
Isai NorSMB 10:21  Ein leivning skal venda um, ein leivning av Jakob, til Gud den velduge.
Isai NorSMB 10:22  For um so ditt folk, Israel, var som sanden ved havet, so skal berre ein leivning av det venda um. Undergang er fastsett, og fløymer fram med rettferd.
Isai NorSMB 10:23  For øyding og fastsett straffedom skal Herren, Allhers-Herren, lata koma yver all jordi.
Isai NorSMB 10:24  Difor segjer Herren, Allhers-Herren, so: Folket mitt, du som bur på Sion, ottast ikkje Assur, når han slær deg med ris og lyfter staven sin imot deg, soleis som dei gjorde i Egyptarland!
Isai NorSMB 10:25  For um ei liti stund er harmen min slokna, og min vreide vender seg til deira undergang.
Isai NorSMB 10:26  Og Herren, allhers drott, svingar svipa si yver honom, liksom då han slo Midjan ved Ramneberget; og staven hans er utrett yver havet, og han skal lyfta honom som i Egyptarland.
Isai NorSMB 10:27  PÅ den dag skal byrdi hans falla av herdarne dine og oket hans av halsen din, oket skal brotna for ditt aukande hold.
Isai NorSMB 10:28  Han kjem mot Ajjat, fer framum Migron; han let etter seg trænet i Mikmas.
Isai NorSMB 10:29  Dei fer yver skardet. «I Geba heldt me nattekvild!» Rama skjelv; Sauls Gibea flyr.
Isai NorSMB 10:30  Skrik høgt, du dotter Gallim! Lyd etter, Laisa! Arme Anatot!
Isai NorSMB 10:32  Endå same dagen stend han i Nob, han lyfter handi mot fjellet åt dotteri Sion, mot Jerusalems-haugen.
Isai NorSMB 10:33  Sjå, Herren, Allhers-Herren, høgg kruna av med gruveleg kraft; dei rake stomnar er felte; dei røslege tre ligg brotne i bakken.
Isai NorSMB 10:34  Den tjukke skogen vert nedhoggen med øksi. Libanon fell for den herlege.