Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
ISAIAH
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 64
Isai NorSMB 64:1  Gjev du reiv himmelen sund og steig ned, so fjelli skalv for di åsyn, som elden fatar i risved, elden set vatnet i kok, - til å kunngjera namnet ditt for dine motmenn, so folki laut skjelva for di åsyn,
Isai NorSMB 64:2  når du gjorde skræmeverk, som me ikkje venta - å, steig du ned, so fjelli skalv for di åsyn!
Isai NorSMB 64:3  Aldri hev nokon spurt eller høyrt, aldri hev auga set nokon annan gud enn du gjera soleis med deim som ventar på honom.
Isai NorSMB 64:4  Du kjem imot dei som gjer rettferd med gleda, dei som kjem deg i hug på vegarne dine. Sjå, du vart harm, og me synda; so var det med oss frå gamalt, kann me verta frelste?
Isai NorSMB 64:5  Me vart alle i hop som ein urein, og all vår rettferd som eit tilsulka plagg, som lauvet visna me alle saman, og våre skuld bles oss burt som vinden.
Isai NorSMB 64:6  Det var ingen som kallar på namnet ditt, som manna seg upp til å gripa deg; for du hadde løynt di åsyn for oss og late oss skjelva under vår skuld.
Isai NorSMB 64:7  Men no, Herre, er du vår fader; me er leiret og du vår formar, eit verk av di hand er me alle.
Isai NorSMB 64:8  Herre, ver ikkje so ovleg harm, og tenk ikkje ævleg på skuldi. Sjå no på me alle er ditt folk!
Isai NorSMB 64:9  Dine heilage byar vart øydemark, Sion vart til ei øydemark, Jerusalem til ei audn.
Isai NorSMB 64:10  Vårt heilage hus, det herlege, der federne våre deg lova, hev vorte uppbrent med eld, og all vår hugnad hev vorte grushaugar.
Isai NorSMB 64:11  Kann du halda deg att med alt dette, Herre? Vil du tegja og trykkja oss so tungt?