Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
ISAIAH
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 47
Isai NorSMB 47:1  Stig ned og set deg i moldi, du møy Babel-dotter! Set deg på jordi utan kongsstol, du kaldæar-dotter! For ei skal du lenger kallast den kløkke og kjælne.
Isai NorSMB 47:2  Tak handkverni og mal mjøl, legg sløret burt! lyft slæpet upp, næk leggen, vad yver elvar!
Isai NorSMB 47:3  Lat skammi di syna seg, lat deim sjå di skjemsla! Hemn tek eg og sparer ikkje eit menneskje.
Isai NorSMB 47:4  Vår utløysar, Allhers-Herren han heiter, Israels Heilage.
Isai NorSMB 47:5  Set deg stilt og gøym deg i myrkret, du kaldæar-dotter! For ei skal du lenger kallast dronning yver riki.
Isai NorSMB 47:6  Eg var harm på mitt folk, vanhelga min arvlut og gav deim i dine hender. Men du viste ikkje medynk. Jamvel på gamlingar la du ditt tunge ok.
Isai NorSMB 47:7  Du sagde: «Eg skal alltid vera Æve-dronning,» du la ikkje det på hjarta, tenkte ikkje på endelykti.
Isai NorSMB 47:8  So høyr no det, du kjælne, som trunar so trygt, du som segjer i ditt hjarta: «Eg og ingen annan! Eg skal ikkje sitja enkja, og aldri sjå meg barnlaus!»
Isai NorSMB 47:9  Båe desse ulukkor skal brått koma yver deg på ein einaste dag, barnløysa og enkjestand kjem på deg i fullaste mål, tråss i dine mange trollingar og dine sterke bannlysingar.
Isai NorSMB 47:10  Du var trygg i vondskapen din og sa: «Det er ingen som ser meg!» Visdomen din og vitskapen din hev dåra deg, so du sa i ditt hjarta: «Eg og ingen annan!»
Isai NorSMB 47:11  So skal det då vondt koma yver deg, som du veit ’kje å venda av, ei ulukka skal falla yver deg, som du ikkje kann sona burt, og brått skal det koma yver deg tjon når du ikkje varast.
Isai NorSMB 47:12  Kom no med dine bannlysingar, dine mange trollingar, som du hev stræva med ifrå ungdomen! Kanskje kunde du finna hjelp, kanskje skræma ulukka burt.
Isai NorSMB 47:13  Du hev trøytta deg med dine mange råder, lat deim so møta, lat dei himmelkunnige hjelpa deg, stjernekikaran’, dei som kvar månad forkynner kva som skal hendast deg!
Isai NorSMB 47:14  Men dei hev vorte som halm, elden brenner deim upp, dei kann ikkje berga sitt eige livet or loge-vald. Det er ikkje glod til å verma seg med, ikkje bål til å sitja attved.
Isai NorSMB 47:15  So gjeng det deg med deim du hev stræva for, handelsvenerne dine frå ungdomen din. Dei vildrar kvar sin veg, ingen som hjelper deg.