Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
ISAIAH
Prev Up Next
Chapter 32
Isai NorSMB 32:1  Sjå, med rettferd skal kongen råda, og hovdingarne skal styra etter rett,
Isai NorSMB 32:2  og kvar ein av deim skal vera som eit skyle for veret og ei livd mot sturtregn, som vatsbekkjer på ein turr stad, som skuggen av eit veldugt berg i eit uppturka land.
Isai NorSMB 32:3  Då skal augo åt deim som ser ikkje vera blinde, og øyro åt deim som høyrer, skal vera grannhøyrde,
Isai NorSMB 32:4  hjarto åt dei tankelause skal evla skyna, og tunga åt dei stame skal hava lett for å tala klårt.
Isai NorSMB 32:5  Dåren skal ein ikkje meir kalla gjæv, og den innfule skal ein ikkje kalla hugstor.
Isai NorSMB 32:6  For dåren talar dårskap, og hjarta hans finn på vondt; han gjer vanheilag gjerd, og talar forvende ting um Herren, han let den hungrige svelta og let den tyrste vanta drikka.
Isai NorSMB 32:7  Og våpni åt den innfule er vonde; han tenkjer ut meinråder, til å føra dei spaklyndte i ulukka med falske ord, og det når den fatige talar det som rett er.
Isai NorSMB 32:8  Men gjævingen hev gjæve tankar, og han stend fast ved det som gjævt er.
Isai NorSMB 32:9  De sorglause kvinnor, statt upp og høyr det eg segjer! De trygge døtter, vend øyra dykkar til min tale!
Isai NorSMB 32:10  Um år og dag skal de skjelva, de trygge! For det er ute med vinhausten, frukhausten kjem ikkje.
Isai NorSMB 32:11  Vert forfærde, de sorglause; skjelv, de trygge! Klæd dykk og næk dykk, og umgyrd dykkar lender!
Isai NorSMB 32:12  Dei slær seg for bringa yver dei fagre marker, yver det fruktrike vintreet,
Isai NorSMB 32:13  yver jordi åt mitt folk, der tornar og tistlar skyt upp, ja, yver alle gledehus, den morogalne byen.
Isai NorSMB 32:14  For borgi er tom, mugen i byen er burte. Haug og vakttårn hev vorte til holor for ævelege tider, til frygd for villasen, til beite for bølingar -
Isai NorSMB 32:15  til dess åndi vert utrend yver oss frå det høge, og øydemarki vert til ein frukthage, og frukthagen vert rekna som skog.
Isai NorSMB 32:16  Og rett skal bu i øydemarki, og rettferd skal hava sin heim i frukthagen.
Isai NorSMB 32:17  Og rettferds verk skal vera fred, og rettferds frukt ro og tryggleik til æveleg tid.
Isai NorSMB 32:18  Og folket mitt skal bu i freds bustad og i tryggleiks tjeld og på sorgfrie kvilestader.
Isai NorSMB 32:19  Men det skal hagla når skogen fell, og djupt skal byen søkka ned.
Isai NorSMB 32:20  Sæle er de som sår attved alle vatn, som let uksen og asnet vera på frifot!