Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
ISAIAH
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 22
Isai NorSMB 22:1  Framsegn um Synedalen. Kva er på ferd, sidan alt folket ditt stig upp på taki?
Isai NorSMB 22:2  Du bråkande, du ståkande by, du jublande borg! Dine falne menner er ikkje slegne med sverd, ikkje drepne i strid.
Isai NorSMB 22:3  Hovdingarne dine tok alle saman til rømings, utan bogeskot let dei seg taka til fanga. Dei som fanst i deg, hev vorte fanga alle saman, langt burt hev det rømt.
Isai NorSMB 22:4  Difor segjer eg: Sjå burt ifrå meg, lat meg gråta sårt! truga ikkje trøyst på meg for at dotteri, folket mitt, hev vorte herja!
Isai NorSMB 22:5  For ein upprivande dag med nedtrakking og forfjetring kjem frå Herren, Allhers-Herren, i Synedalen; murar vert nedbrotne, naudropet stig mot fjellet.
Isai NorSMB 22:6  Elam tok pilehuset, han drog fram med vogn-stridsmenner og med hestfolk; Kir nækte skjoldarne.
Isai NorSMB 22:7  Dei fagraste dalarne dine vart fyllt med stridsvogner, og hestfolk tok post framfor porten.
Isai NorSMB 22:8  Han tok vern frå Juda. Då såg du deg um etter herbunad - i skoghuset.
Isai NorSMB 22:9  Og de såg at Davidsbyen hadde mange rivnor, og de samlar upp vatnet i Nedredammen;
Isai NorSMB 22:10  de talde husi i Jerusalem, og de reiv ned husi og vilde gjera muren traust.
Isai NorSMB 22:11  Og imillom båe murarne gjorde de ein kulp for vatnet frå Gamledammen. Men på honom som hadde sett dette i verk, gav det ikkje gaum; til honom som longe sidan hadde laga dette til, såg de ikkje.
Isai NorSMB 22:12  Herren, Allhers-Herren, kalla på den dagen til gråt og øying, til å raka hovudet og sveipa seg i syrgjeklæde.
Isai NorSMB 22:13  Men her er gleda og gaman, ukseslagting og saueslagting, kjøteting og vindrikking. «Lat oss eta og drikka; for i morgon døyr me!»
Isai NorSMB 22:14  Difor ljomar openberringi frå Herren, allhers drott, i øyro mine: Den syndi fer de ikkje sona til dess de døyr, segjer Herren, Allhers-Herren.
Isai NorSMB 22:15  So sagde Herren, Allhers-Herren: «Gakk til denne drottseten Sebna, han som stend fyre huset, og seg til honom:
Isai NorSMB 22:16  Kva hev du her å gjera, og kven tenkjer du å leggja her, sidan du her høgg deg ut ei grav? Du som høgg gravi di ut på so høg ein stad og holar deg bustad i berget,
Isai NorSMB 22:17  du skal vita at Herren skal slengja deg langt av leid, du mann! Han skal rulla deg saman til ein klump;
Isai NorSMB 22:18  han skal vinda deg saman til eit nysta og kasta deg som ein ball ut på vidvangen. Der skal du døy, og dit skal dei gilde vognerne dine koma, du skamflekk for huset åt herren din.
Isai NorSMB 22:19  Eg vil støyta deg ned frå romet ditt, og frå posten din skal du verta avjaga.
Isai NorSMB 22:20  Og på den dagen vil eg kalla på tenaren min, Eljakim, son åt Hilkia;
Isai NorSMB 22:21  og eg vil klæda honom i din bunad, og beltet ditt vil eg binda um honom, og ditt rådvelde vil eg gjeva i hans hender. Han skal vera ein far for deim som bur i Jerusalem og for Juda-huset.
Isai NorSMB 22:22  Og eg vil leggja lykelen til Davids hus på herdi hans, og når han let upp, skal ingen læsa att, og når han læser att, skal ingen lata upp.
Isai NorSMB 22:23  Eg set honom som ein spikar på ein fast stad, og han skal verta eit æresete for farshuset sitt.
Isai NorSMB 22:24  Men so framt heile tyngdi av farshuset hengjer seg på honom med alle sine ætlingar og frendar - alle småkjerald, frå fati til leirkrukkorne -
Isai NorSMB 22:25  På den dagen, segjer Herren, allhers drott, skal spikaren i den faste veggen losna, han skal ganga av og detta ned, og byrdi som hekk på honom, skal krasast. For Herren hev tala.»