ISAIAH
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66
Chapter 43
Isai | NorSMB | 43:1 | Og no segjer Herren so, han som skapte deg, Jakob, og laga deg, Israel: Ver urædd! for eg hev løyst deg ut, eg hev ropa deg på namn, du er min. | |
Isai | NorSMB | 43:2 | Fer du gjenom vatn, so er eg med deg, gjenom elvar, so skal dei ’kje riva deg burt. Gjeng du i eld, du svidar deg ei, og logen skal ikkje brenna deg. | |
Isai | NorSMB | 43:3 | For eg, Herren, er din Gud, Israels Heilage er din frelsar. Egyptarland gjev eg til løysepeng for deg, Ætiopia og Seba til vederlag for deg. | |
Isai | NorSMB | 43:4 | For di du er dyr for meg, du er mykje verd, og eg elskar deg, difor gjev eg menneskje burt for deg og folkeslag for ditt liv. | |
Isai | NorSMB | 43:5 | Ver ikkje rædd! for eg er med deg; austanfrå vil eg føra di ætt, og vestanfrå vil eg samla deg. | |
Isai | NorSMB | 43:6 | Eg segjer til nordheimen: «Kom med deim!» Og til sudheimen: «Haldt deim ’kje att! Kom med sønerne mine langt burtanfrå og døtterne mine frå verdsens ende, | |
Isai | NorSMB | 43:7 | kvar den som heiter etter mitt namn, og som eg hev skapt til mi æra, og som eg hev laga og gjort.» | |
Isai | NorSMB | 43:9 | Lat alle folki samla seg og alle folkeslag møta. Kven av deim kann forkynna slikt? Lat deim melda kva dei fyrr hev spått. Lat deim møta med vitne og få rett, lat deim høyra og segja: «Det er sant!» | |
Isai | NorSMB | 43:10 | De er mine vitne, segjer Herren, og min tenar som eg hev valt ut, so de skal kjenna og tru meg og skyna at det er eg. Fyre meg vart ingen gud til, og etter meg kjem ingen. | |
Isai | NorSMB | 43:12 | Eg hev kunngjort og frelst, eg, og ingen framand gud millom dykk hev forkynt det. De er mine vitne, segjer Herren, og eg er Gud, | |
Isai | NorSMB | 43:13 | Enn i dag er eg den same, og ingen kann berga or mi hand. Det som eg gjer, kven kann gjera det ugjort? | |
Isai | NorSMB | 43:14 | So segjer Herren, dykkar utløysar, Israels Heilage: For dykkar skuld eg utbod mot Babel og alle saman driv eg på flukt, kaldæarane på sine lystskip. | |
Isai | NorSMB | 43:17 | som let vogner og hestar draga ut, både her og hovding - dei låg der og reiste seg ikkje, dei er sløkte, dei slokna som lampeveik -: | |
Isai | NorSMB | 43:19 | Sjå, eg gjer noko nytt, no renn det, går de det ikkje? Ja, eg vil gjera veg i heidi, elvar i øydemarki. | |
Isai | NorSMB | 43:20 | Dyri på marki skal æra meg, sjakalar og strussar, for eg gjev vatn i heidi, elvar i øydemarki, so mitt utvalde folk kann få drikka. | |
Isai | NorSMB | 43:23 | Ikkje hev du gjeve meg dine brennofferlamb, og ikkje meg æra med dine slagtoffer, ikkje hev eg brytt deg med grjonoffer, og ikkje med røykjelse plåga deg. | |
Isai | NorSMB | 43:24 | Ikkje hev du for pengar kjøpt meg krydderøyr, og ikkje kveikt meg med feittet av dine slagtoffer. Nei, du hev trøytta meg med dine synder og brytt meg med dine misgjerningar. | |
Isai | NorSMB | 43:25 | Eg, ja eg er den som slettar ut misgjerningarne dine for mi skuld, og eg kjem ikkje synderne dine i hug. | |