Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
ISAIAH
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 65
Isai NorSMB 65:1  Eg baud meg fram der ingen spurde, eg var å finna der ingen søkte meg; eg sagde: «Her er eg, her er eg!» Til eit folk som ei bar mitt namn.
Isai NorSMB 65:2  Eg rette all dagen ut mine hender til eit tråssugt folk, som fer den vonde vegen etter sine eigne tankar,
Isai NorSMB 65:3  til eit folk som sårar meg alltid midt i syni, som ofrar i hagarne, kveikjer offereld på tiglstein,
Isai NorSMB 65:4  som set seg ned i graver, og nattar i løyndarhol, som et svinekjøt, hev ufyseleg mat i skålerne sine,
Isai NorSMB 65:5  som segjer: «Haldt deg undan! Ikkje rør meg, for eg er heilag for deg!» Dei folk er som røyk i nasen min, ein eld som logar all dagen.
Isai NorSMB 65:6  Sjå, det stend skrive for augo mine: Eg vil ikkje tegja fyrr eg gjev att, ja gjev deim att i fanget,
Isai NorSMB 65:7  både for dykkar eigne brot, segjer Herren, og broti åt federne dykkar, at dei offereld kveikte på bergi og svivyrde meg på haugarne; fyrst vil eg mæla upp løni deira og gjeva deim upp i fanget.
Isai NorSMB 65:8  So segjer Herren: Liksom dei segjer når det finst saft i druva: «Skamfar ho ikkje, for det er signing i henne!» So gjer eg for mine tenarar skuld, eg skal ikkje tyna alle saman.
Isai NorSMB 65:9  Men let avkjøme koma frå Jakob, frå Juda ein erving til fjelli mine, mine utvalde skal erva landet, og der skal mine tenarar bu.
Isai NorSMB 65:10  Og Saron skal verta til saue-beite og Akorsdalen til læger for fe, til gagn for mitt folk som søkjer meg.
Isai NorSMB 65:11  Men de som gjeng burt ifrå Herren, de som gløymer mitt heilage fjell, de som dukar bord for Gad og blandar drykk for Meni,
Isai NorSMB 65:12  dykkar lagnad skal vera sverdet, de skal alle dykk bøygja til slagting, for de svara ei då eg ropa, og høyrde ei då eg tala, men gjorde det vonde i mine augo, og valde det som eg ikkje lika.
Isai NorSMB 65:13  Difor segjer Herren, Herren so: Sjå, tenaran’ mine skal eta, men de skal svelta; sjå, tenaran’ mine skal drikka, men de skal tyrsta; sjå, tenaran’ mine skal fegnast, men de skal skjemmast;
Isai NorSMB 65:14  sjå, tenaran’ mine skal jubla av hjartans lyst, men de skal skrika av hjarteverk, og hugbrotne skal de hyla.
Isai NorSMB 65:15  Dykkar namn skal de lata etter til ein eid for mine utvalde. «So drepe deg Herren, Herren!» Men tenaran sine skal han gjeva eit anna namn.
Isai NorSMB 65:16  Den som signar seg i landet, skal signa seg med truskaps Gud, og den som sver i landet, skal sverja ved truskaps Gud, for dei fyrre trengslor er gløymde og løynde for augo mine.
Isai NorSMB 65:17  For sjå, eg skaper ein ny himmel og ei ny jord, det gamle skal ikkje hugsast meir og ikkje renna nokon i hugen.
Isai NorSMB 65:18  Nei, fegnast og frygdast til æveleg tid for det som eg skaper! For Jerusalem skaper eg um til frygd og folket til fagnad.
Isai NorSMB 65:19  Og eg vil frygda meg yver Jerusalem og fegnast yver mitt folk, ingen gråt skal meir høyrast der eller klagerop.
Isai NorSMB 65:20  Det skal ikkje lenger finnast der eit barn som berre liver nokre dagar, eller ein gamall mann som ikkje fyller dagetalet sitt. Nei, den som døyr ung, skal døy hundrad år gamall, og den som ikkje når hundrad år, skal gjelda for å vera forbanna.
Isai NorSMB 65:21  Dei husi dei byggjar, skal dei sjølv få bu i, og dei vinhagarne dei plantar, skal dei sjølv eta frukti av.
Isai NorSMB 65:22  Ikkje skal dei byggja og ein annan bu, ikkje skal dei planta og ein annan eta; for folket mitt skal nå same alder som treet, og mine utvalde skal få njota det dei sjølv hev verka med sine eigne hender.
Isai NorSMB 65:23  Dei skal ikkje stræva til fåfengs og ikkje få born som brått skal døy; for dei er Herrens velsigna ætt, og sitt avkjøme hev dei hjå seg.
Isai NorSMB 65:24  Og det skal vera so, at fyrr dei ropar, vil eg svara, og medan dei endå talar, vil eg høyra.
Isai NorSMB 65:25  Ulv og lamb skal beita i saman, og løva skal eta halm som uksen, og ormen skal hava mold til mat. Ingen skal gjera vondt eller ugagn på heile mitt heilage fjell, segjer Herren.