Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
ISAIAH
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 49
Isai NorSMB 49:1  De øyland, høyre på meg, og lyde, de folk langt burte! Meg hev Herren kalla frå moderliv og nemnt meg på namn frå moderfang.
Isai NorSMB 49:2  Min munn hev han gjort til eit sverd so kvast, i skuggen av handi si hev han meg gøymt, og meg hev han gjort til ei pil so blank og hev gøymt meg i pilehuset sitt.
Isai NorSMB 49:3  Og han sa til meg: «Min tenar, er du Israel, som meg æra skal gjeva.»
Isai NorSMB 49:4  Men eg sagde: «Eg hev stræva til fåfengs, til unyttes reint hev eg øydt mi kraft. Men like vel er min rett hjå Herren, og løni mi er hjå min Gud.»
Isai NorSMB 49:5  «Men no,» segjer Herren, som hev gjort meg til tenar frå moderliv til å føra Jakob attende til han, so Israel kann samlast til han - og eg vann æra for Herrens augo, og min Gud, han vart min styrke -
Isai NorSMB 49:6  han segjer: «D’er for lite at du er min tenar til å attreisa Jakobs ætter og Israels leivningar føra til meg. So vil eg gjera deg til heidningljos, at mi frelsa kann nå til enden av jordi.»
Isai NorSMB 49:7  So segjer Herren, Israels løysar og Heilage, til den djupt vanvyrde som folk hev stygg for, til trælen under tyranner: Kongar skal sjå det og reisa seg upp, hovdingar med, og kasta seg ned for Herrens skuld som trufast er, Israels Heilage som valde deg ut.
Isai NorSMB 49:8  So segjer Herren: I nådestundi eg bønhøyrer deg, og på frelsedagen hjelper eg deg, og eg varar deg og gjer deg til folkepakt, til å attreisa landet og utskifta øydelagd odelsgrunn.
Isai NorSMB 49:9  Du skal segja til fangar: «Gakk ut!» Til deim i myrkret: «Kom fram!» Attmed vegarne skal dei få beita og hava kvar snaudheid til beite.
Isai NorSMB 49:10  Dei skal ikkje svelta, skal ikkje tyrsta, og ikkje skal sandglod og solsteik deim skada, for deira miskunnar skal føra deim og leida deim lint til uppkomevatn,
Isai NorSMB 49:11  og alle mine fjell vil eg gjera til veg, og mine stigar skal byggjast høge.
Isai NorSMB 49:12  Sjå, dei kjem langt burtanfrå! sume frå nord og sume frå vest og sume frå sinesar-landet.
Isai NorSMB 49:13  Jubla himmel, og fegnast jord, de berg set i med glederop! For Herren trøystar sitt folk og miskunnar armingarn’ sine.
Isai NorSMB 49:14  Men Sion segjer: «Herren hev forlate meg, Herren hev gløymt meg.»
Isai NorSMB 49:15  Gløymer vel ei kvinna sogbarnet sitt, so ho ikkje miskunnar den ho bar under hjarta? Um endå dei kunde gløyma, so gløymer eg ikkje deg.
Isai NorSMB 49:16  Sjå her, eg hev teikna deg på henderne mine, murarne dine hev eg alltid for augo.
Isai NorSMB 49:17  Sønerne dine skundar seg hit, dei som braut deg i grus, fer burt frå deg.
Isai NorSMB 49:18  Upp med augo og sjå deg ikring! Alle samlar seg hit til deg. So sant eg liver, segjer Herren, du skal hava deim alle på deg til prydnad og binda deim um deg til brurebelte.
Isai NorSMB 49:19  For ruinarne dine og grushaugarne og ditt herja land - jau, no vert du for trong for borgarane, og burte er dei som gløypte deg.
Isai NorSMB 49:20  Endå skal du få høyra borni frå barnløyse segja: «Romet er meg for trongt. Flyt deg, so eg kann få bu!»
Isai NorSMB 49:21  Då tenkjer du med deg sjølv: «Kven hev født meg desse borni? For eg var barnlaus og ufør til føding, utlæg og heimlaus, kven hev fostra desse? Eg sat eismall att, kvar var då dei?»
Isai NorSMB 49:22  So segjer Herren, Herren: Sjå, eg lyftar mi hand for heidningarne, og reisar mitt merke for folkeslagi, so kjem dei med sønerne dine i fanget, og døtterne dine ber dei på herdi.
Isai NorSMB 49:23  Kongar vert fosterfeder for deg og deira dronningar ammor åt deg. Dei kastar seg ned på jordi for deg og slikkar moldi av føterne dine. Då fær du røyna at eg er Herren, at dei ikkje vert svikne som vonar på meg.
Isai NorSMB 49:24  Kann ein taka herfanget frå ei kjempa? Eller fangarne sleppa frå den som hev siger-retten?
Isai NorSMB 49:25  Ja! for so segjer Herren: Både skal dei taka fangar frå kjempa, og valdsmanns herfang skal sleppa undan, og eg vil strida med motparten din og frelsa sønerne dine.
Isai NorSMB 49:26  Eg let dine trælkarar eta sitt eige kjøt og drikka sitt blod som druvesaft. Og alt kjøt skal kjenna at det er eg, Herren, som frelsar deg, og at Jakobs Velduge løyser deg ut.