Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
ISAIAH
Prev Up Next
Chapter 13
Isai NorSMB 13:1  Framsegn um Babel, som Jesaja, son åt Amos, skoda.
Isai NorSMB 13:2  Reis eit merke på skoglaust fjell, ropa høgt til deim, veifta med handi, at dei må koma og draga inn gjenom portarne åt valdsherrarne.
Isai NorSMB 13:3  Eg hev bode ut dei vigde mennerne mine, ja, til å føra fram min vreide hev eg kalla kjemporne mine, dei sigerbyrge, jublande skarar.
Isai NorSMB 13:4  Høyr, bråk på fjelli som av eit stort folk! Høyr gnyen av kongerike, av folk som strøymer i hop! Herren, allhers drott, mynstrar stridsheren sin.
Isai NorSMB 13:5  Ifrå land langt burte kjem dei, frå himmelens ende, Herren og hans vreide-verkty, og vil herja heile jordi.
Isai NorSMB 13:6  Jamra dykk! for Herrens dag er nær; han kjem som vald frå Allvald.
Isai NorSMB 13:7  Difor sig alle hender, og alle mannshjarto brånar i barmen.
Isai NorSMB 13:8  Dei skjelv, verk og ve tek deim, dei vrid seg som ei fødande kvinna. Vitskræmde stirer dei på kvarandre, raude som eldslogar er dei i andlitet.
Isai NorSMB 13:9  Sjå, Herrens dag kjem gruveleg, full av vreide og brennande harm, og skal gjera jordi til ei øydemark, og rydja ut syndarane hennar.
Isai NorSMB 13:10  For stjernorne og stjernebilæti på himmelen let ikkje ljoset sitt skina, myrk er soli når ho renn, og månen let ikkje ljoset sitt stråla.
Isai NorSMB 13:11  Eg vil heimsøkja jordi for vondskapen og dei gudlause for deira misgjerningar, eg vil gjera ende på storlætet åt dei ovmodige og døyva byrgskapen hjå valdsherrarne.
Isai NorSMB 13:12  Eg skal gjera folk meir sjeldsynte enn fint gull, menneskje meir sjeldsynte enn gull frå Ofir.
Isai NorSMB 13:13  Difor vil eg skaka himmelen, og jordi skal fara bivrande upp frå sin stad ved harmen åt Herren, allhers drott, på den dagen vreiden hans brenn.
Isai NorSMB 13:14  Som skræmde gasellor, som sauer som ingen sankar, skal dei snu heim, kvar til sitt folk, og fly kvar til sitt land.
Isai NorSMB 13:15  Kvar den som vert funnen, vert gjenomstungen, og kvar den som vert gripen, skal falla for sverd.
Isai NorSMB 13:16  Småborni deira skal krasast framfor augo deira; husi deira skal verta herja og kvinnorne deira valdtekne.
Isai NorSMB 13:17  Sjå, eg eggjar mot deim medarane, som ikkje bryr seg um sylv eller trår etter gull.
Isai NorSMB 13:18  Bogarne deira skal fella gutarne; med livsfrukt hev dei ingen medynk, borni sparer dei ikkje.
Isai NorSMB 13:19  Og med Babel, kruna millom riki, den stolte kaldæar-pryda, skal det ganga som då Gud lagde Sodoma og Gomorra i øyde.
Isai NorSMB 13:20  Aldri meir skal det byggjast att; frå ætt til ætt skal ingen bu der; ingen arab skal slå upp sitt tjeld, og ingen hyrding lægra seg der med si hjord.
Isai NorSMB 13:21  Men villdyr skal liggja der, og husi fyllast av hubro; strutsar skal bu der, og raggetroll hoppa ikring.
Isai NorSMB 13:22  Ulvar skal yla i borgerne og sjakalar i vellyst-slotti. Snart stundar timen til, og dagarne skal ikkje drygast ut.