JEREMIAH
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
Chapter 27
Jere | NorSMB | 27:1 | I den fyrste tidi som Sidkia Josiason, Juda-kongen, styrde, kom dette ordet til Jeremia frå Herren; han sagde: | |
Jere | NorSMB | 27:3 | Send dei so til kongen i Edom og til kongen i Moab og til kongen yver Ammons-sønerne og til kongen i Tyrus og til kongen i Sidon med dei sendemennerne som kjem til Jerusalem til Sidkia, Juda-kongen. | |
Jere | NorSMB | 27:4 | Og bed deim segja med herrarne sine: So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: So skal de segja med herrarne dykkar: | |
Jere | NorSMB | 27:5 | Eg hev gjort jordi, menneskja og dyri på jordi med mi store magt og min strake arm, og eg gjev dette til den eg tykkjer er den rette. | |
Jere | NorSMB | 27:6 | Og no hev eg gjeve alle desse landi i henderne på Nebukadnessar, Babel-kongen, tenaren min; jamvel dyri på marki hev eg gjeve honom, so dei kann tena honom. | |
Jere | NorSMB | 27:7 | Og alle folki skal tena honom og sonen hans og sonesonen hans, til dess tidi for hans land og er komi; då skal velduge folk og store kongar gjera honom til træl. | |
Jere | NorSMB | 27:8 | Og det folket og det riket som ikkje vil tena honom, Nebukadnessar, Babel-kongen, og som ikkje vil bøygja halsen sin under Babel-kongens ok, det folket vil eg heimsøkja med sverd og svolt og sott, segjer Herren, til eg hev gjort ende på deim ved hans hand. | |
Jere | NorSMB | 27:9 | Og de no - lyd ikkje på profetarne dykkar og spåmennerne dykkar og på draumarne dykkar og på runekallarne og tauvrekallarne dykkar, som segjer med dykk: «De kjem ikkje til å tena Babel-kongen!» | |
Jere | NorSMB | 27:10 | For lygn er det dei spår åt dykk, for at eg skal føra dykk langt burt frå landet dykkar og driva dykk burt, so de vert tynte. | |
Jere | NorSMB | 27:11 | Men det folket som bøygjer halsen sin under Babel-kongens ok og tener honom, det vil eg lata vera i fred i landet sitt, segjer Herren, so dei kann dyrka det og bu i det. | |
Jere | NorSMB | 27:12 | Og til Sidkia, Juda-kongen, tala eg alle desse ordi og sagde: Bøyg halsen dykkar under Babel-kongens ok, og ten honom og folket hans! då skal de få liva. | |
Jere | NorSMB | 27:13 | Kvi vil de døy, du og folket ditt, for sverd, av svolt og i sott, so som Herren hev tala um det folket som ikkje vil tena Babel-kongen? | |
Jere | NorSMB | 27:14 | Lyd ikkje på ordi åt dei profetarne som segjer med dykk: «De kjem ikkje til å tena Babel-kongen!» For lygn er det dei spår åt dykk. | |
Jere | NorSMB | 27:15 | For eg hev ikkje sendt deim, segjer Herren, men dei spår lygn i mitt namn, for at eg skal driva dykk burt, so de vert tynte, de og dei profetarne som spår åt dykk. | |
Jere | NorSMB | 27:16 | Og til prestarne og heile dette folket tala eg og sagde: So segjer Herren: Lyd ikkje på ordi åt profetarne dykkar når dei spår åt dykk og segjer: «Sjå, kjeraldi or Herrens hus vert no snart flutte heim att frå Babel!» for lygn er det dei spår åt dykk. | |
Jere | NorSMB | 27:17 | Lyd ikkje på deim, men ten Babel-kongen! So skal de få liva. Kvi skal denne byen verta til ei audn? | |
Jere | NorSMB | 27:18 | Men um dei er profetar og hev Herrens ord, so kann dei beda Herren, allhers drott, at ikkje dei kjeraldi som er att i Herrens hus og i Juda-kongens hus og i Jerusalem, vert førde til Babel. | |
Jere | NorSMB | 27:19 | For so segjer Herren, allhers drott, um sulorne og um havet og understelli og alle hine ting som endå er att i denne byen, | |
Jere | NorSMB | 27:20 | som Nebukadnessar, Babel-kongen, ikkje tok då han førde Jekonja Jojakimsson, Juda-kongen, i utlægd frå Jerusalem til Babel i lag med alt storfolket i Juda og Jerusalem - | |
Jere | NorSMB | 27:21 | ja, so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud, um dei kjeraldi som er att i Herrens hus og i Juda-kongens hus og i Jerusalem: | |