Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
COLOSSIANS
1 2 3 4
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 3
Colo NorSMB 3:1  Er de då uppreiste med Kristus, so søk det som er der uppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand!
Colo NorSMB 3:2  Hav hug til det som er der uppe, ikkje til det som er på jordi!
Colo NorSMB 3:3  For de er daude, og dykkar liv er løynt med Kristus i Gud.
Colo NorSMB 3:4  Når Kristus, vårt liv, vert openberra, då skal de og verta openberra med honom i herlegdom.
Colo NorSMB 3:5  So døyd då dykkar jordiske lemer: Utukt, ureinskap, ovhug, vond lyst og havesykje, som er avgudsdyrking!
Colo NorSMB 3:6  for desse ting kjem Guds vreide yver dei vantruande;
Colo NorSMB 3:7  millom deim ferdast de og fordom, den tid de livde i desse ting;
Colo NorSMB 3:8  men no skal de og leggja deim alle av: Vreide, illska, vondskap, spotting, skamleg tale av dykkar munn.
Colo NorSMB 3:9  Ljug ikkje mot kvarandre, de som hev klædt av dykk det gamle menneskje med dei gjerningar det gjer,
Colo NorSMB 3:10  og iklædt dykk det nye, som vert uppnya til kunnskap etter sin skapars bilæte;
Colo NorSMB 3:11  her er ikkje grækar og jøde, umskjering og fyrehud, barbar, skyte, træl, fri mann, men Kristus er alt og i alle.
Colo NorSMB 3:12  Klæd dykk då, som er Guds utvalde, heilage og kjære i hjarteleg miskunn, godleik, audmykt, spaklynde, langmod,
Colo NorSMB 3:13  so de toler kvarandre og tilgjev kvarandre, um nokon hev kjæremål imot nokon! som Kristus tilgav dykk, soleis de og!
Colo NorSMB 3:14  Men attåt alt dette klæd dykk i kjærleiken, som er bandet um fullkomenskapen!
Colo NorSMB 3:15  Og Kristi fred råde i dykkar hjarto, den som de vart kalla til i ein likam, og ver takksame!
Colo NorSMB 3:16  Lat Kristi ord bu rikleg hjå dykk, so de lærer og påminner kvarandre i all visdom med salmar og lovsongar og åndelege visor, og syng yndeleg i dykkar hjarto for Gud.
Colo NorSMB 3:17  Og alt som de gjer i ord eller gjerning, gjer det alt i Herren Jesu namn, med takk til Gud Fader ved honom!
Colo NorSMB 3:18  De konor, ver mennerne dykkar undergjevne, so som det sømer seg i Herren!
Colo NorSMB 3:19  De menner, elska konorne dykkar og ver ikkje beiske imot deim!
Colo NorSMB 3:20  De born, lyd foreldri dykkar i alle ting! for det er Herren til hugnad.
Colo NorSMB 3:21  De feder, arga ikkje dykkar born, so dei ikkje skal missa modet!
Colo NorSMB 3:22  De tenarar, ver lyduge i alle ting mot herrarne dykkar etter kjøtet, ikkje med augnetenesta, liksom dei som strævar etter å tekkjast menneskje, men i hjartans einfelde, med di de ottast Herren!
Colo NorSMB 3:23  Det de gjer, gjer det av hjarta, so som for Herren og ikkje for menneskje,
Colo NorSMB 3:24  då de veit at de skal få arven til løn av Herren. Ten Herren Kristus!
Colo NorSMB 3:25  Men den som gjer urett, skal få den urett att som han gjorde, og det vert ikkje gjort skil på folk.