DEUTERONOMY
Chapter 17
Deut | NorSMB | 17:1 | Du skal ikkje ofra til Herren, din Gud, ein ukse eller sau som hev noko lyte eller mein; for det er ein styggedom for Herren, din Gud. | |
Deut | NorSMB | 17:2 | Finst det i nokon av dei byarne som Herren, din Gud, gjev deg, ein mann eller ei kvinna av lyden som gjer det Herren mislikar, og bryt sambandet med honom, | |
Deut | NorSMB | 17:3 | og, tvert imot det eg hev sagt, gjeng av og tener andre gudar, og bøygjer kne for deim, eller for soli eller månen eller heile himmelheren, | |
Deut | NorSMB | 17:4 | og dette vert sagt deg, so skal du høyra deg fyre, og granska saki vel, og syner det seg då å vera sant, er det visst og vitnefast at slikt skjemdarverk er gjort i Israel, | |
Deut | NorSMB | 17:5 | då skal den mannen eller kvinna som hev gjort det brotet, førast ut til tingstaden, og steinast i hel, anten det er mann eller kvinna. | |
Deut | NorSMB | 17:6 | Etter vitnemål frå tvo eller tri mann lyt den vera dømd som skal lata livet; ingen skal ikkje missa livet etter ein manns vitnemål. | |
Deut | NorSMB | 17:7 | Vitni skal fyrst lyfta handi til å drepa honom, og sidan heile folket. Soleis skal du rydja det vonde ut or lyden. | |
Deut | NorSMB | 17:8 | Er ei sak for vand for deg å døma i, anten det er ei dråpssak, eller ei eigedomstrætta, eller eit søksmål for helseskade, eller kva det elles er for saker som kann koma upp i by eller bygd, so skal du gjera deg reidug, og fara upptil den staden som Herren, din Gud, hev valt seg ut. | |
Deut | NorSMB | 17:9 | Der skal du ganga til Levi-prestarne og til den domaren som då er, og spyrja deg fyre, og dei skal segja deg korleis domen retteleg skal vera. | |
Deut | NorSMB | 17:10 | Og du skal fylgja den fyresegni dei gjev deg frå den staden som Herren hev valt seg ut; du skal i alle måtar gjera soleis som dei hev lært deg. | |
Deut | NorSMB | 17:11 | Den lovbodi dei lærer deg og den domen dei segjer deg, skal du halda deg etter, og ikkje gjera noko avbrøyte i det dei segjer deg fyre. | |
Deut | NorSMB | 17:12 | Men den mannen som er so vyrdlaus at han ikkje vil høyra på presten, som stend der i Herrens tenesta, eller på domaren, han skal døy. Soleis skal du rydja det vonde ut or Israel. | |
Deut | NorSMB | 17:14 | Når du er komen inn i det landet som Herren, din Gud, vil gjeva deg, og hev lagt det under deg, og fest bu der, og du då kjem på at du vil få deg ein konge, liksom alle folki rundt ikring deg, | |
Deut | NorSMB | 17:15 | so skal du taka til konge den som Herren, din Gud, kårar ut. Ein av dine eigne landsmenner skal du taka til konge; du må ikkje taka ein framand, ein som ikkje høyrer til ditt eige folk. | |
Deut | NorSMB | 17:16 | Men han skal ikkje halda mange hestar, og ikkje senda folket attende til Egyptarland, so han kann få seg mange hestar; for Herren hev sagt dykk: «Den vegen skal de ikkje fara meir!» | |
Deut | NorSMB | 17:17 | Og han skal ikkje taka seg mange konor, so hugen hans kjem på avveg. Ikkje heller skal han draga i hop mykje sylv og gull. | |
Deut | NorSMB | 17:18 | Når han hev stige upp på kongsstolen, skal han få denne lovi hjå Levi-prestarne og skrive henne av åt seg i ei bok; | |
Deut | NorSMB | 17:19 | og den skal han hava hjå seg og lesa i alle sine livedagar, so han kann læra å ottast Herren, sin Gud, og bera alle desse lovbodi og fyresegnerne i hugen og liva etter deim, | |