Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
DEUTERONOMY
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 18
Deut NorSMB 18:1  Ingen av Levi-prestarne, ingen av deim som høyrer til Levi-ætti, skal få nokon arvlut liksom dei andre Israels-sønerne. Dei skal liva av Herrens offerrettar og alt anna som høyrer honom til,
Deut NorSMB 18:2  og ikkje få nokon arv tilliks med brørne sine; Herren skal vera arven deira, soleis som han hev sagt deim.
Deut NorSMB 18:3  Høyr no kva prestarne hev rett til å krevja av folket: Dei som ofrar slagtoffer, anten det er ukse eller sau, skal gjeva presten den eine bogen og båe kjakarne og vinstri.
Deut NorSMB 18:4  Det fyrste av kornet du avlar og av vinen og oljen, og den fyrste ulli av sauerne skal du gjeva honom.
Deut NorSMB 18:5  For honom og sønerne hans hev Herren, din Gud, valt seg ut millom alle ætterne dine, so dei skal standa framfor Herren og gjera tenesta i hans namn alle dagar.
Deut NorSMB 18:6  Når ein levit som held til i nokon av byarne i Israel, kjem til den staden som Herren hev valt seg ut, so skal han vera velkomen:
Deut NorSMB 18:7  Han kann gjera tenesta i Herrens namn, liksom dei andre levitarne, brørne hans, som stend der framfor Herrens åsyn,
Deut NorSMB 18:8  og han skal få sin lut av offergåvorne tilliks med deim, umfram dei pengarne han fær når han sel det han hev rett til etter federne sine.
Deut NorSMB 18:9  Når du kjem til det landet som Herren, din Gud, gjev deg, so skal du ikkje taka etter dei folki som bur der, og fara med slik styggedom som dei fer med.
Deut NorSMB 18:10  Hjå deg må ingen finnast som vigjer barnet sitt i elden, ingen spåmann eller viskall, ingen som fer med å leggja ut teikn, ingen trollmann
Deut NorSMB 18:11  eller åndemanar, ingen som spør daudingar og hamar, eller søkjer råd hjå dei avlidne.
Deut NorSMB 18:12  For dei som gjer sovore, er avstyggjelege i Herrens augo, og for slik styggedom skuld er det Herren driv deim ut for dykk.
Deut NorSMB 18:13  Trufast og ærleg skal du vera mot Herren, din Gud.
Deut NorSMB 18:14  For desse folki som du skal driva ut, dei lyder etter runekallar og spåmenner, men deg hev Herren, din Gud, forbode alt slikt.
Deut NorSMB 18:15  Ein profet som eg, av ditt eige folk, skal Herren reisa upp millom dykk; honom skal de lyda.
Deut NorSMB 18:16  Herren skal gjera det som du bad honom um attmed Horeb, samkomedagen, då du sagde: «Eg torer ikkje høyra på Herrens røyst lenger, og denne store elden toler eg ikkje å sjå på meir; for då lyt eg døy.»
Deut NorSMB 18:17  Då sagde Herren til meg: «Det er rett det dei segjer.
Deut NorSMB 18:18  Ein profet vil eg reisa upp for deim av deira eige folk, ein som du, og leggja ordi mine i munnen hans, og han skal tala til deim alt det eg segjer honom fyre.
Deut NorSMB 18:19  Og den som ikkje høyrer på ordi mine, deim som han talar i mitt namn, han skal få svara for det.
Deut NorSMB 18:20  Men vågar ein profet å tala noko i mitt namn, og eg ikkje hev sett honom til det, eller talar han i namnet åt andre gudar, so skal han døy.»
Deut NorSMB 18:21  Og um du tenkjer med deg: «Korleis kann me vita um eit ord kjem frå Herren eller ikkje?»
Deut NorSMB 18:22  so høyr her: Når ein profet talar i Herrens namn, og det han hev sagt ikkje hender og ikkje gjeng fram, so hev det ordet ikkje kome frå Herren; då er det noko profeten hev våga seg til å tala på eigi hand, og du tarv ikkje vera rædd honom.