Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
DEUTERONOMY
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 24
Deut NorSMB 24:1  Når ein mann hev teke seg ei kona og ført henne heim, hender det at han ikkje kann lika henne, av di han hev funne noko ufyse hjå henne. Då skriv han kann henda eit skilsmålsbrev og gjev henne i hand, og sender henne or huset.
Deut NorSMB 24:2  Dersom no ho, etter ho hev flutt ifrå honom, gjeng stad og gifter seg med ein annan,
Deut NorSMB 24:3  og denne andre og fær uhug til henne, og gjev henne skilsmålsbrev, og sender henne frå seg, eller dersom den andre mannen hennar døyr,
Deut NorSMB 24:4  so må ikkje den fyrste mannen, som hadde skilt seg med henne, taka henne til kona att, etter ho hev vorte urein; for slikt er avstyggjelegt i Herrens augo, og du skal ikkje føra synd yver det landet som Herren, din Gud, gjev deg til odel og eiga.
Deut NorSMB 24:5  Ein nygift mann skal ikkje fara ut i strid, og det må ikkje leggjast andre tyngslor på honom heller; han skal vera fri eit heilt år, til gagn for heimen sin og til hyggja for kona som han hev fenge.
Deut NorSMB 24:6  Ingen må taka ei handkvern eller ein kvernstein i vissa; for då tek han livet i vissa.
Deut NorSMB 24:7  Kjem de yver ein mann som hev rana burt nokon av landsmennerne sine, av Israels-folket, og fer ille med honom eller sel honom, so skal ransmannen døy; soleis skal du rydja det vonde ut or lyden.
Deut NorSMB 24:8  Tak dykk i vare for spillsykja! tak dykk vel i vare, og gjer som Levi-prestarne lærer dykk! Soleis som eg hev sagt deim fyre, lyt de leggja dykk vinn um å gjera.
Deut NorSMB 24:9  Kom i hug kva Herren, din Gud, gjorde med Mirjam då de var på vegen frå Egyptarland!
Deut NorSMB 24:10  Når du låner ein noko, må du ikkje ganga inn i huset hans og taka det du skal hava i vissa.
Deut NorSMB 24:11  Du skal standa utanfor, og den du gjev lånet, skal sjølv koma ut til deg med vissa.
Deut NorSMB 24:12  Er det ein fatigmann, so må du ikkje hava vissa hans hjå deg um natti;
Deut NorSMB 24:13  du skal lata honom få henne att når soli glader, so han kann sova i kjolen sin; då vil han takka og velsigna deg, og Herren, din Gud, vil rekna deg det til rettferd.
Deut NorSMB 24:14  Du skal ikkje vera hard mot ein arbeidsmann som lid naud og er fatig, anten han høyrer til ditt eige folk, eller det er ein av dei framande som held til hjå dykk, i by eller bygd.
Deut NorSMB 24:15  Du skal gjeva honom løni si på dagen, og fyrr enn soli glader; for han er fatig, og stundar etter løni. Elles kunde han klaga deg for Herren, og du fekk synd på deg.
Deut NorSMB 24:16  Foreldre skal ikkje lata livet for det borni hev gjort, og born ikkje for det foreldri hev gjort; ingen skal lata livet for anna enn sine eige brot.
Deut NorSMB 24:17  Du skal ikkje rengja retten for ein framand eller farlaus, og ikkje taka klædi åt ei enkja i vissa.
Deut NorSMB 24:18  Kom i hug at du var træl i Egyptarland, men Herren, din Gud, fria deg ut derifrå. Difor forbyd eg deg å gjera sovore.
Deut NorSMB 24:19  Når du køyrer inn lodi og gløymer att eit rauk på åkeren, skal du ikkje ganga attende etter det; du skal lata dei framande og farlause og enkjorne hava det; då skal Herren, din Gud, velsigna deg i alt du tek deg fyre.
Deut NorSMB 24:20  Når du hev rist oljetrei, skal du ikkje leita etter frukt som kann ha vorte hangande på greinerne; den lyt dei framande og dei farlause og enkjorne få.
Deut NorSMB 24:21  Når du hev hausta vinhagen, skal du ikkje henta dei druvorne som att er; dei skal vera åt dei framande og dei farlause og enkjorne.
Deut NorSMB 24:22  Kom i hug at du var træl i Egyptarlandet! Difor er det eg segjer deg at du skal fara so.