DEUTERONOMY
Chapter 9
Deut | NorSMB | 9:1 | Høyr, Israel! No gjeng du yver Jordan, og skal leggja under deg folkeslag som er større og sterkare enn du, svære byar med murar som når radt til himmels, | |
Deut | NorSMB | 9:2 | eit stort kjempefolk, Anaks-sønerne, som du kjenner, og som du hev høyrt det ordet um: «Kven kann standa seg mot Anaks-sønerne?» | |
Deut | NorSMB | 9:3 | So kom då i hug at Herren, din Gud, gjeng fyre deg som ein øydande eld; han skal tyna deim, og han skal slå deim ned for deg, so du snart fær drive deim burt og rudt deim ut, soleis som Herren hev sagt deg. | |
Deut | NorSMB | 9:4 | Men når han støyter deim ned framfyre deg, må du ikkje tenkja som so: «For di eg er god og rettvis, hev Herren ført meg hit og gjeve meg dette landet.» Nei, Herren driv desse folki ut for di dei er gudlause. | |
Deut | NorSMB | 9:5 | Det er ikkje for di du er god og rettvis, eller for di du er truverdug og ærleg, at du skal koma dit og få landet deira, men for di dei er gudlause, driv Herren deim ut, og av di han vil halda det ordet han gav federne dine, Abraham og Isak og Jakob. | |
Deut | NorSMB | 9:6 | So skal du då vita at det ikkje er for di rettferd skuld Herren, din Gud, gjev deg dette gilde landet til eiga; for du er eit hardkyndt folk. | |
Deut | NorSMB | 9:7 | Kom i hug og gløym ikkje korleis du arga upp Herren, din Gud, i øydemarki! Alt ifrå den dagen de for frå Egyptarlandet og til de kom hit, hev de sett dykk upp imot Herren. | |
Deut | NorSMB | 9:9 | Det var den gongen eg gjekk upp på fjellet og skulde taka imot steintavlorne, deim som Herrens pakt med dykk var skrivi på; då var eg på fjellet i fyrti jamdøgar, og gjorde korkje åt eller drakk. | |
Deut | NorSMB | 9:10 | Og Herren gav meg dei tvo steintavlorne; dei hadde han sjølv skrive på med fingeren sin, og der stod alle dei ordi som han tala til dykk på fjellet, midt utor elden, samkomedagen. | |
Deut | NorSMB | 9:11 | Då dei fyrti jamdøgri var lidne, gav Herren meg dei tvo steintavlorne, sambandstavlorne, | |
Deut | NorSMB | 9:12 | og sagde til meg: «Skunda deg ned att; for folket ditt, som du fylgde ut or Egyptarland, hev bore seg stygt åt; det var ’kje lenge fyrr dei tok utav den leidi eg synte deim; dei hev støypt seg eit gudebilæte! | |
Deut | NorSMB | 9:13 | Eg hev halde auga med dette folket,» sagde Herren, «og set at det er eit hardkyndt folk. | |
Deut | NorSMB | 9:14 | Lat no meg råda, so vil eg gjera ende på deim, og rydja namnet deira ut or verdi, og so vil eg gjera deg til eit folk som er større og sterkare enn dei.» | |
Deut | NorSMB | 9:15 | So snudde eg meg, og gjekk ned av fjellet, og fjellet stod i ljos loge; og dei tvo sambandstavlorne bar eg i henderne. | |
Deut | NorSMB | 9:16 | Då fekk eg sjå at de hadde synda mot Herren, dykkar Gud, og støypt dykk ein gullkalv; de hadde alt teke utav den leidi Herren synte dykk. | |
Deut | NorSMB | 9:18 | Og sidan låg eg på kne for Herren, liksom fyrre gongen, i fyrti dagar og fyrti næter, og smaka korkje mat eller drikka, for di de hadde ført so stor ei synd yver dykk, og gjort det som Herren mislika, so han vart harm; | |
Deut | NorSMB | 9:19 | for eg ottast Herren var vorten so vill og vond på dykk at han vilde rydja dykk ut. Og Herren høyrde bøni mi den gongen og. | |
Deut | NorSMB | 9:20 | Aron og var Herren fælande harm på, og vilde tyna honom; og eg laut beda for Aron og den gongen. | |
Deut | NorSMB | 9:21 | Men syndeverket dykkar, kalven, tok eg og kasta på elden, og kruste honom, og mulde honom sund, so han vart til dust, og dusti kasta eg i bekken som renn ned frå fjellet. | |
Deut | NorSMB | 9:23 | Og då han vilde de skulde taka ut frå Kades-Barnea, og sagde: «Far upp og tak det landet som eg hev gjeve dykk!» då var de ulyduge mot Herren, dykkar Gud, og leit ikkje på honom, og høyrde ikkje på det han sagde; | |
Deut | NorSMB | 9:25 | So låg eg då på kne for Herren alle dei fyrti dagarne og næterne som de veit; for Herren hadde sagt at han vilde tyna dykk. | |
Deut | NorSMB | 9:26 | Og eg bad til Herren og sagde: «Herre, min Gud, gjer ikkje ende på ditt eige folk, som du hev fria ut med di allmagt, og leidt ut or Egyptarland med di sterke hand! | |
Deut | NorSMB | 9:27 | Kom i hug tenarane dine, Abraham og Isak og Jakob, og tenk ikkje på kor hardt og gudlaust og syndugt det er, dette folket! | |
Deut | NorSMB | 9:28 | Elles kunne dei segja so som i det landet du hev ført oss utor: «Herren var ikkje god til å fylgja deim fram til det landet han hadde lova deim, og han hata deim og; difor førde han deim ut i øydemarki, og let deim døy der.» | |