EPHESIANS
Chapter 1
Ephe | NorSMB | 1:1 | Paulus, Jesu Kristi apostel ved Guds vilje, til dei heilage i Efesus som trur på Kristus Jesus: | |
Ephe | NorSMB | 1:3 | Lova vere Gud og vår Herre Jesu Kristi Fader, som hev velsigna oss med all åndeleg velsigning i himmelen i Kristus, | |
Ephe | NorSMB | 1:4 | liksom han valde oss ut i honom, fyrr verdi vart grunnlagd, at me skulde vera heilage og ulastelege for hans åsyn, | |
Ephe | NorSMB | 1:5 | med di han i kjærleik fyreåt etla oss til barnekår hjå seg sjølv ved Jesus Kristus etter si frie vilje-rådgjerd, | |
Ephe | NorSMB | 1:7 | I honom hev me utløysingi ved hans blod, forlating for synderne, etter rikdomen av hans nåde, | |
Ephe | NorSMB | 1:9 | då han kunngjorde oss løyndomen um sin vilje etter si frie rådgjerd, som han fyresette seg med seg sjølv, | |
Ephe | NorSMB | 1:10 | um eit hushald han vilde skipa når tiderne var fullkomne, nemleg at han atter vilde sameina alt til eitt i Kristus, både det som er i himmelen, og det som er på jordi. | |
Ephe | NorSMB | 1:11 | Og i honom hev me og fenge arvlut, etter at me fyreåt var etla dertil etter hans fyresetning som verkar alt etter si vilje-rådgjerd, | |
Ephe | NorSMB | 1:13 | Og i honom hev de og, då de hadde høyrt sannings-ordet, evangeliet um dykkar frelsa - i honom hev de og, då de hadde teke ved trui, fenge til innsigle den Heilage Ande, som var oss lova, | |
Ephe | NorSMB | 1:14 | han som er pantet på vår arv til hans eigedomsfolks utløysing, hans herlegdom til lov. | |
Ephe | NorSMB | 1:15 | Difor, sidan eg høyrde um dykkar tru på Herren Jesus og um dykkar kjærleik til alle dei heilage, | |
Ephe | NorSMB | 1:17 | at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Fader, må gjeva dykk visdoms og openberrings Ande til kunnskap um seg, | |
Ephe | NorSMB | 1:18 | og gjeva dykkar hug upplyste augo, so de kann kjenna kva von det er han hev kalla dykk til, og kor rik på herlegdom hans arv er ibland dei heilage, | |
Ephe | NorSMB | 1:19 | og kor yvervættes stor hans magt er for oss som trur, etter verknaden av hans velduge kraft, | |
Ephe | NorSMB | 1:20 | som han synte på Kristus, då han vekte honom upp frå dei daude og sette honom ved si høgre hand i himmelen, | |
Ephe | NorSMB | 1:21 | høgt yver all magt og yverråd og alt velde og herredøme og yver kvart namn som vert nemnt, ikkje berre i denne verdi, men og i den tilkomande, | |