Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
EXODUS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 1
Exod NorSMB 1:1  No skal de få høyra namni på Israels-sønerne som kom til Egyptarland; med Jakob kom dei, kvar med sin huslyd:
Exod NorSMB 1:5  Med alle i hop var det sytti mann som var ætta frå Jakob; Josef han var no alt i Egyptarland.
Exod NorSMB 1:6  Og Josef døydde, og alle brørne hans, og heile den ætti.
Exod NorSMB 1:7  Men Israels-folket muna og voks og auka og vart uhorveleg mannsterke, so dei fyllte heile landet.
Exod NorSMB 1:8  Då kom det ein ny konge i Egyptarland, som ikkje visste noko um Josef.
Exod NorSMB 1:9  Og han sagde med folki sine: «Sjå, Israels-lyden er større og sterkare enn me.
Exod NorSMB 1:10  Lat oss no fara klokt fram, so dei ikkje skal aukast so mykje! For kjem det ufred, so kunde dei gjerne slå seg i hop med uvenerne våre, og strida mot oss, og fara or landet!»
Exod NorSMB 1:11  So sette dei futar yver deim, som skulde plåga deim med tungarbeid, og dei laut byggja tvo byar med varehus for Farao; det var Pitom og Ramses.
Exod NorSMB 1:12  Men di meir dei plåga deim, di meir auka dei, og di meir breidde dei seg ut, og egyptarane tok til å fæla for Israels-folket.
Exod NorSMB 1:13  Soleis nøydde dei no Israels-folket til å træla for seg,
Exod NorSMB 1:14  og gjorde livet surt for deim med hardt arbeid i leirtaki og tiglverki og med allslags jordarbeid: alt arbeidet dei vilde ha gjort, det truga dei deim til å gjera.
Exod NorSMB 1:15  Og kongen i Egyptarland sagde til dei hebraiske ljosmøderne - den eine av dei heitte Sifra og den andre Pua -:
Exod NorSMB 1:16  «Kvar gong de hjelper ei hebraisk barnsengkona,» sagde han, «so skal de sjå i fødestolen: Er det son ho hev fenge, so drep honom! er det dotter, so må ho liva.»
Exod NorSMB 1:17  Men ljosmøderne hadde age for Gud, og gjorde ikkje som kongen i Egyptarland sagde, men let småsveinarne liva.
Exod NorSMB 1:18  Då kalla kongen ljosmøderne fyre seg, og sagde med deim: «Kvi gjer de dette og let sveinborni liva?»
Exod NorSMB 1:19  «Dei hebraiske konorne er ikkje som dei egyptiske,» svara ljosmøderne; «dei er sterkare; innan ljosmori kjem, hev dei fenge barnet.»
Exod NorSMB 1:20  Då gjorde Gud vel imot ljosmøderne; og folket auka, og vart ovleg mangment.
Exod NorSMB 1:21  Og for di ljosmøderne hadde age for Gud, so gav han deim ætt og avkjøme.
Exod NorSMB 1:22  Men Farao sende bod utyver til heile folket sitt og sagde: «Kvar son som kjem til verdi, skal de kasta i elvi; berre døtterne skal de lata liva!»