Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
II SAMUEL
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 15
II S NorSMB 15:1  Ei stund etterpå fekk Absalom seg vogn og hestar og femti mann som sprang fyre honom.
II S NorSMB 15:2  Tidleg um morgonen pla Absalom standa attmed vegen til porten. So tidt nokon var på veg til kongen med eikor saki han vilde hava dom i, ropa Absalom honom til seg og spurde: «Kva by er du frå?» Når han svara: «Frå den og den ætti i Israel er tenaren din,»
II S NorSMB 15:3  so svara Absalom: «Du veit saka di er både god og rett, men hjå kongen finn du inkje ope øyra.»
II S NorSMB 15:4  Og han lagde til: «Gjev dei gjera meg til domar i landet! Då skulde kvar ein koma til meg med saker og søksmål. Og eg skulde gjeva honom rett.»
II S NorSMB 15:5  Gjekk einkvan fram og vilde bøygja seg for honom, retta han ut handi og tok um honom og kysste honom.
II S NorSMB 15:6  Soleis gjorde Absalom med alle i Israel som kom med saker kongen skulde døma i. Og Absalom dåra hugen hjå Israels-sønerne.
II S NorSMB 15:7  Fire år var lidne, då Absalom ein dag bad kongen: «Lat meg draga til Hebron og halda ein lovnad eg hev gjort åt Herren!
II S NorSMB 15:8  Då tenaren din budde i Gesur i Syria, gjorde eg den lovnaden: «Let Herren meg verkeleg koma heim att til Jerusalem, so vil eg halda ei gudstenesta åt Herren.»»
II S NorSMB 15:9  Kongen svara: «Far i fred!» Han reis upp og drog til Hebron.
II S NorSMB 15:10  Absalom sende so njosnarar til alle ætterne i Israels med dei ordi: «Når de høyrer luren ljoda, då kann det fortelja at Absalom hev vorte konge i Hebron.»
II S NorSMB 15:11  Med Absalom fylgde tvo hundrad mann frå Jerusalem, som var innbodne og fylgde med i god tru; dei visste ingen ting.
II S NorSMB 15:12  Medan Absalom ofra slagtofferi, sende han bod og henta dessutan Ahitofel, rådsmannen åt David, frå Gilo, heimbyen hans. Samansverjingi auka i styrke. Folket heldt på og gjekk yver til Absalom i store mengder.
II S NorSMB 15:13  Ein bodberar kom til David og melde: «Israels-mennerne hev vendt hugen sin til Absalom.»
II S NorSMB 15:14  Då baud David alle tenarane sine, dei som var hjå honom i Jerusalem: «Av stad! Det finst ingi onnor råd for oss til å berga oss undan Absalom. Skunda dykk av stad, so han ikkje kjem brått på oss og fører ulukka yver oss og drep byfolket!»
II S NorSMB 15:15  Kongstenarane svara: «Tenarene dine er budde til alt det du vil, herre konge!»
II S NorSMB 15:16  Då drog kongen ut; og alle husfolki hans fylgde. Ti av fylgjekonorne let kongen att til å vakta huset.
II S NorSMB 15:17  Då kongen drog av stad, fylgde alt byfolket. Dei stogga ved Bet-Hammerhak.
II S NorSMB 15:18  Alle tenarane gjekk framum honom, like eins heile livvakti. Og alle Gats-folki, seks hundrad mann som hadde fylgt honom frå Gat, gjekk framum kongen.
II S NorSMB 15:19  Kongen sagde med Gats-mannen Ittai: «Kvifor gjeng du og med oss? Far attende, og ver hjå honom som no er konge! Du er då berre utlending, ja ein heimlaus utvandrar.
II S NorSMB 15:20  Du kom i går! Skulde eg i dag lata deg reika ikring med oss på ferdi vår, no eg ikkje sjølv veit leidi? Far attende, og tak brørne dine med deg! Gjev miskunn og truskap må timast dykk!»
II S NorSMB 15:21  Men Ittai svara kongen: «So sant Herren liver, og so sant du liver, herre konge: den staden du er, herre konge, der vil tenaren din ogso vera, anten det ber til liv eller daude!»
II S NorSMB 15:22  David sagde då til Ittai: «Ja ja, ver so med!» Gats-mannen Ittai drog då med, fylgd av alle sine menner og heile barneflokken som han hadde med seg.
II S NorSMB 15:23  Heile landet storgret då alt folket drog fram. Og då kongen gjekk yver Kidronsbekken, fylgde alt folket etter og tok vegen åt øydemarki.
II S NorSMB 15:24  Sjå Sadok og alle levitarne var og med honom. Dei bar Guds sambandskista med seg. Dei sette Guds kista ned - då kom Abjatar og upp - til dess alt folket hadde rokke fram frå byen.
II S NorSMB 15:25  Kongen sagde då til Sadok: «Før Guds kista attende til byen! Syner Herren meg miskunn, so let han meg koma heim att, so eg fær sjå att honom og bustaden hans.
II S NorSMB 15:26  Men segjer han: «Eg hev ikkje godvilje for deg,» då er eg budd: han gjere med meg som han tykkjer!»
II S NorSMB 15:27  Og kongen sagde med presten Sadok: «Du sjåar. Far heim att i fred! Og båe sønerne dykkar, Ahima’as, son din, og Jonatan Abjatarsson, må fylgja med dykk.
II S NorSMB 15:28  Sjå, eg vil drygja attmed ferjestaderne i øydemarki til dess eg fær bod frå dykk med meldingar.»
II S NorSMB 15:29  So førde Sadok og Abjatar Guds kista attende til Jerusalem og stana der.
II S NorSMB 15:30  David gjekk gråtande upp Oljefjellet med tilsveipt hovud og berrføtt. Og alt folket som fylgde, hadde og sveipt til hovudi sine og gjekk gråtande dit upp.
II S NorSMB 15:31  Då David fekk høyra at Ahitofel var millom deim som hadde samansvore seg med Absalom, bad David: «Herre, gjer Ahitofels råd til skammar!»
II S NorSMB 15:32  Då David var komen øvst på fjellet, der dei plar tilbeda Gud, då kom Husai av arkitætti mot honom med sundrivne klæde og mold på hovudet.
II S NorSMB 15:33  David sagde til honom: «Gjeng du med meg, vert du til bry for meg.
II S NorSMB 15:34  Men gjeng du attende til byen og segjer med Absalom: «Din tenar vil eg vera, konge! far din’s tenar var eg fyrr; no er eg din tenar!» - so kann du hjelpa meg å skjepla Ahitofels råd.
II S NorSMB 15:35  Du veit du hev prestarne Sadok og Abjatar ogso der. Alt du frettar frå kongshuset, må du melda åt prestarne Sadok og Abjatar.
II S NorSMB 15:36  Dei hev ogso båe sønerne sine heime: Sadok hev Ahima’as, og Abjatar hev Jonatan. Med deim kann du senda meg bod um alt du fretter.»
II S NorSMB 15:37  So gjekk då Husai, venen åt David, inn i byen, samstundes som Absalom drog inn i Jerusalem.