Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOSHUA
Prev Up Next
Chapter 12
Josh NorSMB 12:1  Dei kongarne austanfor Jordan som Israels-sønerne vann yver og tok landet frå millom Arnonåi og Hermonfjellet, med alle moarne i aust,
Josh NorSMB 12:2  det var fyrst Sihon, amoritarkongen, som budde i Hesbon og rådde yver landet nordanfor Aroer innmed Arnonåi - frå midt i åi - og yver helvti av Gilead til Jabbokåi, som er landskilet mot Ammons-sønerne,
Josh NorSMB 12:3  og yver moarne på austsida, upp til Kinneretsjøen, og ned til Moavatnet eller Saltsjøen, burt imot Bet-ha-Jesjimot og sud under Pisgaliderne;
Josh NorSMB 12:4  so var det riket åt Og, kongen i Basan, ein av deim som var att av kjempefolket; han budde i Astarot og Edre’i,
Josh NorSMB 12:5  og rådde yver fjellbygderne kring Hermon, og yver Salka, og yver heile Basan, til landskilet mot gesuritarne og ma’akatitarne, og yver helvti av Gilead, til landskilet mot Sihon, kongen i Hesbon.
Josh NorSMB 12:6  Det var dei som Moses, Herrens tenar, og Israels-borni hadde vunne yver; og Moses, Herrens tenar, let rubenitarne og gaditarne og den eine helvti av Manasse-ætti få landet deira til eigedom.
Josh NorSMB 12:7  Og dei kongarne som Josva og Israels-sønerne vann yver i landet vestanfor Jordan, frå Ba’al-Gad i Libanonsdalen til svadknausen som ris upp imot Se’ir - det landet som Josva skifte ut åt Israels-ætterne, grein for grein -
Josh NorSMB 12:8  i fjellbygderne og på låglandet og på moarne og i liderne og i øydemarki og i Sudlandet, kongarne yver hetitarne og amoritarne og kananitarne og perizitarne og hevitarne og jebusitarne,
Josh NorSMB 12:9  det var: Kongen i Jeriko, ein, kongen i Aj, som ligg tett med Betel, ein,
Josh NorSMB 12:20  kongen i Simron-Meron, ein, kongen i Aksaf, ein,
Josh NorSMB 12:22  kongen i Kedes, ein, kongen i Jokneam innmed Karmel, ein,
Josh NorSMB 12:23  kongen i Dor på Dorhøgderne, ein, kongen yver Gojim attmed Gilgal, ein,
Josh NorSMB 12:24  kongen i Tirsa, ein, i alt ein og tretti kongar.