Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
LEVITICUS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 24
Levi NorSMB 24:2  «Seg med Israels-folket at dei skal koma med skir olje av sundstøytte oljeber til ljosestaken, so lamporne stødt kann setjast upp!
Levi NorSMB 24:3  Utanfor tæpet som heng attfor lovtavlekista i møtetjeldet, skal Aron stella lamporne so dei kann lysa for Herrens åsyn frå kveld til morgon, stødt og stendigt; det skal vera ein fast sed hjå dykk og etterkomarane dykkar:
Levi NorSMB 24:4  på den bjarte gullstaken skal han skipa lamporne for Herrens åsyn seint og tidleg.
Levi NorSMB 24:5  So skal du taka fint mjøl, og baka tolv kakebrød; i kvart brød skal det vera tvo kannor mjøl.
Levi NorSMB 24:6  Og deim skal du leggja i tvo rader, seks i kvar rad, på gullbordet, for Herrens åsyn.
Levi NorSMB 24:7  Og på kvar rad skal du leggja rein angekvåda; det skal vera eit minningsoffer for brødet, ein offerrett åt Herren.
Levi NorSMB 24:8  Kvar helg skal han leggja det brødet fram for Herrens åsyn, stødt og stendigt; det skal vera ei æveleg sambandsgåva frå Israels-borni.
Levi NorSMB 24:9  Og Aron og sønerne hans skal få det og eta det på ein heilag stad; for det høyrer til det som er høgheilagt av Herrens offermat, og prestarne skal hava rett til det i all æva.»
Levi NorSMB 24:10  Ein som var son til ei israelitisk kona, men hadde ein egyptar til far, gjekk ein gong inn millom Israels-folket, og han og ein av Israels-mennerne kom i trætta med kvarandre i lægret.
Levi NorSMB 24:11  Og son til den israelitiske kona - ho heitte Sjelomit Dibrisdotter, og var av Dans-ætti - tok til å banna Guds namn og spotta det.
Levi NorSMB 24:12  Då førde dei honom burt til Moses, og sette honom fast til dei kunde få ein orskurd av Herrens munn.
Levi NorSMB 24:14  «Før spottaren ut or lægret, og alle dei som høyrde på det, skal leggja henderne på hovudet hans, og heile lyden skal steina honom.
Levi NorSMB 24:15  Og til Israels-folket skal du segja: «Den som bannar sin Gud, lyt lida for syndi si,
Levi NorSMB 24:16  og den som spottar Herrens namn, han skal lata livet; heile lyden skal steina honom i hel; anten han er framand eller fødd og boren i landet, so skal han lata livet, so sant han hev spotta Guds namn.
Levi NorSMB 24:17  Slær nokon ein mann i hel, so skal han lata livet.
Levi NorSMB 24:18  Den som slær i hel eit krøter, skal gjeva like for det, liv for liv.
Levi NorSMB 24:19  Valdar nokon at grannen hans fær skade på likamen, so skal dei gjera det same med honom som han hev gjort med grannen:
Levi NorSMB 24:20  brot for brot, auga for auga, tonn for tonn; det meinet han hev gjort ein annan, skal han sjølv få.
Levi NorSMB 24:21  Den som slær i hel eit krøter, skal gjeva lika for det; men den som slær i hel eit menneskje, skal lata livet.
Levi NorSMB 24:22  Det er same retten for dykk alle, for den framande likso vel som for den som er fødd og boren i landet; for eg, Herren, er dykkar Gud.»»
Levi NorSMB 24:23  Og Moses kunngjorde dette for Israels-folket, og dei førde spottaren ut or lægret, og steina honom i hel: Israels-mennerne gjorde som Herren hadde sagt til Moses.