MATTHEW
Chapter 3
Matt | NorSMB | 3:3 | Det er honom Jesaja, profeten, talar um, når han segjer: «Høyr han som ropar i heidi: Rydje vegen åt Herren, jamne stigarne hans!» | |
Matt | NorSMB | 3:4 | Johannes gjekk med ein kjole av kamelhår, og hadde eit lerbelte kring livet, og maten hans var grashoppar og villhonning. | |
Matt | NorSMB | 3:7 | Mange av farisæarane og sadducæarane kom og til dåpen hans. Då han såg deim, sagde han: «Kven lærde dykk å røma frå den vreiden som koma skal, de orme-ungar? | |
Matt | NorSMB | 3:9 | og tru ikkje de kann tenkja som so: «Me hev Abraham til far!» for eg segjer dykk at Gud kann vekkja upp born åt Abraham av desse steinarne. | |
Matt | NorSMB | 3:10 | Øksi ligg alt innmed roti på treet; kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge ned og kasta på elden. | |
Matt | NorSMB | 3:11 | Eg døyper dykk med vatn til umvending; men han som kjem etter meg, er sterkare enn eg; eg er ikkje verd å bera skorne hans - han skal døypa dykk med den Heilage Ande og eld. | |
Matt | NorSMB | 3:12 | Han hev kasteskovlen i handi, og skal gjera av låven sin; kornet skal han samla i stabburet, men agnerne skal han brenna i ein eld som aldri sloknar.» | |
Matt | NorSMB | 3:13 | So kom Jesus frå Galilæa åt Jordan, til Johannes, og vilde få honom til å døypa seg. | |
Matt | NorSMB | 3:15 | «Lat det no vera so like vel!» svara Jesus. «For soleis lyt me i eitt og alt gjera det som er rett.» Då gjorde han som Jesus vilde. | |
Matt | NorSMB | 3:16 | Med det same Jesus var døypt, steig han upp or vatnet. Då opna himmelen seg for honom, og han såg Guds Ande koma dalande nedyver seg som ei duva, | |