Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
MATTHEW
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 28
Matt NorSMB 28:1  Då kviledagen var liden, og det tok til å ljosna den fyrste dagen i vika, kom Maria Magdalena og den andre Maria og vilde sjå til gravi.
Matt NorSMB 28:2  Då vart det brått ein sterk jordskjelv; for ein Herrens engel for ned frå himmelen, og gjekk innåt og velte steinen ifrå og sette seg på honom.
Matt NorSMB 28:3  Han var som ein elding å sjå til, og klædi hans var kvite som snø.
Matt NorSMB 28:4  Vaktarane skalv av rædsla for honom, og vart liggjande som dei var daude.
Matt NorSMB 28:5  Og engelen tala til kvinnorne og sagde: «Ver ikkje rædde! Eg veit at de leitar etter Jesus, han som vart krossfest.
Matt NorSMB 28:6  Han er ikkje her; han hev stade upp, som han sagde. Kom og sjå staden der han låg!
Matt NorSMB 28:7  Og skunda dykk so av stad, og seg med læresveinarne hans: «Han hev stade upp frå dei daude, og no gjeng han fyre dykk til Galilæa; der skal de få sjå honom!» Sjå no hev eg sagt dykk det.»
Matt NorSMB 28:8  Då skunda dei seg burt ifrå gravi med otte og stor gleda, og sprang av stad, vilde bera bod um det til læresveinarne hans.
Matt NorSMB 28:9  Men best det var, fekk dei sjå Jesus; han kom imot deim og sagde: «Guds fred!» Då gjekk dei innåt og fall på kne for honom og tok kringum føterne hans.
Matt NorSMB 28:10  Og Jesus sagde til deim: «Ver ikkje rædde! Gakk og seg med brørne mine at dei skal fara til Galilæa! Der skal dei sjå meg.»
Matt NorSMB 28:11  Med dei var på vegen, kom nokre av vaktarane inn til byen, og fortalde dei øvste prestarne alt det som hadde hendt.
Matt NorSMB 28:12  Då kom dei og styresmennerne i hop og samrådde seg; og dei gav hermennerne nok av pengar
Matt NorSMB 28:13  og sagde: «Seg at læresveinarne hans kom um natti og stal honom burt medan de sov.
Matt NorSMB 28:14  Og skulde det koma att for landshovdingen, so skal me tala vel med honom, og laga det so at de kann vera trygge.»
Matt NorSMB 28:15  So tok dei mot pengarne og gjorde som dei var fyresagde. Soleis kom det ordet ut millom jødarne, og hev halde seg alt til denne dag.
Matt NorSMB 28:16  Dei elleve læresveinarne for til Galilæa, til det fjellet der Jesus hadde sagt deim til å møtast med honom.
Matt NorSMB 28:17  Då dei fekk sjå honom, fall dei på kne for honom, men sume tvila.
Matt NorSMB 28:18  Og Jesus steig fram og tala til deim og sagde: «Eg hev fenge all magt i himmelen og på jordi.
Matt NorSMB 28:19  Gakk då ut, og gjer alle folki til læresveinar, med di de døyper deim til namnet åt Faderen og Sonen og den Heilage Ande,
Matt NorSMB 28:20  og lærer deim å halda alt det som eg hev bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar so lenge verdi stend!»