MATTHEW
Chapter 25
Matt | NorSMB | 25:1 | Då kann himmelriket liknast med ti brurmøyar som tok lamporne sine og gjekk til møtes med brudgomen. | |
Matt | NorSMB | 25:8 | Og dei dårlege sagde til dei vituge: «Lat oss få noko olje hjå dykk! Lamporne våre sloknar.» | |
Matt | NorSMB | 25:9 | «Nei,» svara dei vituge, «det rekk ikkje til både åt oss og dykk. De lyt heller ganga til kræmaren og kjøpa dykk noko.» | |
Matt | NorSMB | 25:10 | Med dei då var burte og vilde kjøpa, kom brudgomen. Dei som var ferdige, gjekk med honom inn til bryllaupet, og døri vart stengd. | |
Matt | NorSMB | 25:11 | Då det leid um eit bil, kom dei hine møyarne og, og sagde: «Herre, herre, lat upp for oss!» | |
Matt | NorSMB | 25:14 | Det er liksom med ein mann som vilde fara utanlands. Han kalla tenarane sine inn, og flidde deim midelen sin: | |
Matt | NorSMB | 25:15 | ein gav han fem tusund dalar, ein annan tvo tusund, og den tridje eitt tusund, etter som kvar dugde til, og so for han or landet. | |
Matt | NorSMB | 25:16 | Den som fekk fem tusund dalar, tok straks til å handla med deim, og vann seg fem tusund til. | |
Matt | NorSMB | 25:18 | Men den som fekk eitt tusund, gjekk burt og grov eit hol i jordi og gøymde pengarne åt husbonden sin. | |
Matt | NorSMB | 25:19 | So leid det ei lang tid, då kom husbonden heim att og kravde rekneskap av tenarane sine. | |
Matt | NorSMB | 25:20 | Og han som hadde fenge fem tusund dalar, gjekk fram og hadde med seg fem tusund til og sagde: «Herre, du gav meg fem tusund dalar; sjå her, eg hev vunne fem tusund til!» | |
Matt | NorSMB | 25:21 | Då sagde husbonden til honom: «Det var rett gjort, du gode og trugne tenar! Du hev vore tru i det som var lite; eg vil setja deg yver mykje. Gakk inn og gled deg med husbonden din!» | |
Matt | NorSMB | 25:22 | So gjekk han fram han som hadde fenge tvo tusund dalar, og sagde: «Herre, du gav meg tvo tusund dalar. Sjå her, eg hev vunne tvo tusund til!» | |
Matt | NorSMB | 25:23 | «Det var rett gjort, du gode og trugne tenar!» svara husbonden. «Du hev vore tru i det som var lite; eg vil setja deg yver mykje. Gakk inn og gled deg med husbonden din!» | |
Matt | NorSMB | 25:24 | Sidan kom han som hadde fenge eitt tusund dalar, og sagde: «Herre, eg kjende deg for ein streng mann, som haustar der du ikkje sådde, og sankar der du ikkje strådde. | |
Matt | NorSMB | 25:25 | Difor vart eg rædd, og so gjekk eg burt og gøymde pengarne dine i jordi. Sjå her hev du ditt!» | |
Matt | NorSMB | 25:26 | Då svara husbonden: «Du låke og late tenar! Du visste at eg haustar der eg ikkje sådde, og sankar der eg ikkje strådde! | |
Matt | NorSMB | 25:27 | Skulde du ’kje då ha sett pengarne mine i banken! so hadde eg fenge mine att med rentor når eg kom heim. | |
Matt | NorSMB | 25:29 | For kvar den som hev, han skal få, so han hev nøgdi; men den som ikkje hev, skal missa endå det som han hev. | |
Matt | NorSMB | 25:30 | Og kasta den duglause tenaren ut i myrkret utanfor, der dei græt og skjer tenner!» | |
Matt | NorSMB | 25:31 | Men når Menneskjesonen kjem i sin herlegdom, og alle englarne med honom, då skal han sitja i den glimande kongsstolen; | |
Matt | NorSMB | 25:32 | alle folkeslag skal samlast framfyre honom, og han skal skilja deim åt, liksom hyrdingen skil sauerne frå geiterne, | |
Matt | NorSMB | 25:34 | So skal kongen segja til deim på høgre sida: «Kom hit, de velsigna borni åt far min, og tak det riket i eige som var etla åt dykk alt ifrå verdi var skapt! | |
Matt | NorSMB | 25:35 | For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tyrst, og de gav meg drikka; eg var heimlaus, og de hyste meg; | |
Matt | NorSMB | 25:36 | eg var naken, og de klædde meg; eg var sjuk, og de såg um meg; eg var i fengsel, og de lydde til meg.» | |
Matt | NorSMB | 25:37 | Då tek dei rettferdige til ords og segjer til honom: «Herre, når hev me set deg svolten, og metta deg, eller tyrst, og kveikt deg? | |
Matt | NorSMB | 25:40 | Og kongen svarar: «Det segjer eg dykk for sant: Alt det de hev gjort mot ein av desse minste brørne mine, det hev de gjort imot meg.» | |
Matt | NorSMB | 25:41 | So segjer han til deim på vinstre sida: «Gakk burt frå meg, de bannstøytte, til den ævelege elden, som er tilbudd åt djevelen og englarne hans! | |
Matt | NorSMB | 25:42 | For eg var svolten, og de gav meg ikkje mat; eg var tyrst, og de gav meg ikkje drikka; | |
Matt | NorSMB | 25:43 | eg var heimlaus, og de hyste meg ikkje; eg var naken, og de klædde meg ikkje; eg var sjuk, og i fengsel, og de såg ikkje um meg.» | |
Matt | NorSMB | 25:44 | Då tek dei og til ords og segjer: «Herre, når hev me set deg svolten, eller tyrst, eller heimlaus, eller naken, eller sjuk, eller i fengsel, og hev ikkje tent deg?» | |
Matt | NorSMB | 25:45 | Og han svarar: «Det segjer eg dykk for sant: Alt det de ikkje hev gjort mot ein av desse minste, det hev de ’kje gjort mot meg heller.» | |