MATTHEW
Chapter 17
Matt | NorSMB | 17:1 | Seks dagar etter tok Jesus Peter og Jakob og Johannes, bror hans, med seg upp på eit høgt fjell, og der var dei åleine. | |
Matt | NorSMB | 17:2 | Då vart han forklåra for augo deira: andlitet hans skein som soli, og klædi var kvite som ljoset. | |
Matt | NorSMB | 17:4 | Då tok Peter til ords og sagde til Jesus: «Herre, det er godt at me er her! Vil du, so skal eg gjera tri hyttor her, ei åt deg, og ei åt Moses, og ei åt Elia.» | |
Matt | NorSMB | 17:5 | Fyrr han hadde tala ut, kom det ei ljos sky og skygde yver deim, og or skyi kom det ei røyst som sagde: «Dette er son min, han som eg elskar, han som eg hev hugnad i. Høyr på honom!» | |
Matt | NorSMB | 17:7 | Jesus gjekk burt åt deim og tok i deim og sagde: «Reis dykk upp, og ver ikkje rædde!» | |
Matt | NorSMB | 17:9 | So gjekk dei ned av fjellet, og Jesus sagde til deim: «Tala ikkje til nokon um den syni de hev havt, fyrr Menneskjesonen hev stade upp frå dei daude!» | |
Matt | NorSMB | 17:12 | men eg segjer dykk: Elia er alt komen, og dei kjendest ikkje ved honom, men for åt med honom som dei vilde; like eins kjem dei til å fara med Menneskjesonen.» | |
Matt | NorSMB | 17:14 | Då dei hadde nått fram til folket, kom det ein mann og fall på kne for honom og sagde: | |
Matt | NorSMB | 17:15 | «Herre, gjer sælebot på son min! Han hev nedfallsotti og lid mykje vondt; tidt fell han i elden, og tidt i vatnet. | |
Matt | NorSMB | 17:16 | Eg hev vore til læresveinarne dine med honom, men dei kunde ikkje gjera honom god att.» | |
Matt | NorSMB | 17:17 | Då tok Jesus til ords og sagde: «Å, du vantrune og rangsnudde ætt! Kor lenge skal eg vera hjå dykk? Kor lenge skal eg tola dykk? Kom hit til meg med honom!» | |
Matt | NorSMB | 17:18 | So tala Jesus strengt til honom; då for den vonde åndi utor guten, og han vart god att i same stundi. | |
Matt | NorSMB | 17:19 | Då Jesus hadde vorte åleine, kom læresveinarne til honom og sagde: «Kvi kunde ikkje me driva den åndi ut?» | |
Matt | NorSMB | 17:20 | «Av di de er so vantrune,» svara han; «for det segjer eg dykk for sant: Hev de tru, um ho ikkje er større enn eit senapskorn, so kann de segja til dette fjellet: «Flyt deg herifrå og dit!» - då skal det flytja seg, og ingen ting skal vera umogeleg for dykk. | |
Matt | NorSMB | 17:22 | Med dei ferdast kring i Galilæa, sagde Jesus til deim: «Menneskjesonen skal gjevast yver i menneskjehender, | |
Matt | NorSMB | 17:23 | og dei skal drepa honom, men tridje dagen skal han standa upp att.» Då vart dei ovleg sorgfulle. | |
Matt | NorSMB | 17:24 | Då dei var komne til Kapernaum, kom dei som kravde inn tempelskatten, til Peter og sagde: «Legg ikkje meisteren dykkar skatt til templet?» | |
Matt | NorSMB | 17:25 | «Jau,» segjer han. So gjekk han inn i huset, og fyrr han fekk sagt noko, spurde Jesus: «Kva meiner du, Simon? Kven tek kongarne på jordi toll eller skatt av - av borni sine eller av framande?» | |