Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
MATTHEW
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 22
Matt NorSMB 22:1  So tok Jesus til ords att og sagde dei ei onnor likning:
Matt NorSMB 22:2  «Himmelriket kann liknast med ein konge som gjorde bryllaup åt son sin.
Matt NorSMB 22:3  Han sende ut sveinarne sine, og kalla deim som var bedne til bryllaups; men dei vilde ikkje koma.
Matt NorSMB 22:4  So sende han andre sveinar og sagde: «Seg til deim som er bedne: «No hev eg stelt til bryllaupsmaten; uksane mine og gjødfeet er slagta, og alt er ferdigt. Kom no til bryllaups!»»
Matt NorSMB 22:5  Men dei brydde seg ikkje um det; ein gjekk ut på åkeren sin og ein annan til krambudi si;
Matt NorSMB 22:6  og dei hine greip sveinarne hans, og skamførde deim og drap deim.
Matt NorSMB 22:7  Då vart kongen harm. Han sende ut herarne sine og gjorde ende på dråpsmennerne og brende upp byen deira.
Matt NorSMB 22:8  So sagde han til sveinarne sine: «Alt er ferdigt til bryllaupet, men dei bedne var ikkje verde det.
Matt NorSMB 22:9  Gakk no ut på vegar og vegskil og bed til bryllaups alle deim de finn!»
Matt NorSMB 22:10  So gjekk sveinarne ut på vegarne og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaups-stova vart full av gjester.
Matt NorSMB 22:11  Då so kongen kom inn og vilde sjå gjesterne, vart han var ein som ikkje var bryllaupsklædd.
Matt NorSMB 22:12  Han segjer til honom: «Kjære, korleis hev du kome inn her og er ikkje bryllaupsklædd?» Men han kunde ingen ting svara.
Matt NorSMB 22:13  Då sagde kongen til bordsveinarne: «Bitt hender og føter på honom, og kasta honom ut i myrkret utanfor, der dei græt og skjer tenner!»
Matt NorSMB 22:15  Då gjekk farisæarane burt og lagde råd um korleis dei skulde få fanga honom i ord.
Matt NorSMB 22:16  Dei sende læresveinarne sine til honom i lag med Herodes-mennerne og let deim segja: «Meister, me veit du er ærleg, og det er sanning det du lærer oss um Guds veg, og du bryr deg ikkje um nokon; for du gjer ikkje skil på folk.
Matt NorSMB 22:17  Seg oss no: Kva meiner du? Er det rett å svara skatt til keisaren, eller er det ikkje?»
Matt NorSMB 22:18  Men Jesus skyna den vonde meiningi deira og sagde: «Kvi freistar de meg, hyklarar?
Matt NorSMB 22:19  Lat meg sjå skattemynti!» So flidde dei honom ein sylvpening.
Matt NorSMB 22:20  «Kva er dette for eit bilæte og namn?» spurde han.
Matt NorSMB 22:21  «Det er keisarens,» svara dei. Då sagde han til deim: «So gjev keisaren det som keisarens er, og Gud det som Guds er!»
Matt NorSMB 22:22  Då dei høyrde det, undra dei seg og gjekk burt ifrå honom.
Matt NorSMB 22:23  Same dagen kom det nokre sadducæarar til honom - det er dei som segjer at det ikkje er nokor uppstoda - dei sette fram eit spursmål for honom og sagde:
Matt NorSMB 22:24  «Meister, Moses hev sagt: «Når ein mann døyr barnlaus, so skal bror hans gifta seg med enkja og halda uppe ætti åt bror sin.»
Matt NorSMB 22:25  No var det sju brør hjå oss. Den eine gifte seg, og døydde; han hadde ikkje born, og let etter seg kona si til broren.
Matt NorSMB 22:26  Like eins den andre og den tridje, radt til den sjuande.
Matt NorSMB 22:28  Kven av dei sju skal no ho høyra til i eit anna liv? For dei hev havt henne alle.»
Matt NorSMB 22:29  Jesus svara: «De fer vilt, av di de ikkje kjenner skrifterne og ikkje Guds magt.
Matt NorSMB 22:30  For i eit anna liv er det ingen som gifter seg eller vert burtgift; dei er som Guds englar i himmelen.
Matt NorSMB 22:31  Men at dei avlidne skal standa upp att, hev de ’kje lese kva Gud hev tala til dykk um det, når han segjer:
Matt NorSMB 22:32  «Eg er Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud?» Og han er ikkje Gud for dei daude, men for dei livande.»
Matt NorSMB 22:33  Då folket høyrde det, vart dei reint upp i under yver læra hans.
Matt NorSMB 22:34  So snøgt som farisæarane fekk høyra at han hadde målbunde sadducæarane, samla dei seg kringum honom,
Matt NorSMB 22:35  og ein av deim, som var kunnig i lovi, vilde freista honom og spurde:
Matt NorSMB 22:37  Han svara: «»Du skal elska Herren, din Gud, av alt ditt hjarta og av all din hug og av alt ditt vit!»
Matt NorSMB 22:39  Men det er eit anna som likjest det, og det er: «Du skal elska næsten din som deg sjølv!»
Matt NorSMB 22:40  På desse tvo bodi kviler heile lovi og profetarne.»
Matt NorSMB 22:41  Med farisæarane var samla, spurde Jesus deim åt:
Matt NorSMB 22:42  «Kva trur de um Messias? Kven er han son åt?» «Åt David,» svara dei.
Matt NorSMB 22:43  Då sagde han: «Korleis kann då David i Anden kalla honom herre, når han segjer:
Matt NorSMB 22:44  «Herren sagde til herren min: «Sit ved høgre handi mi, til eg dine fiendar fær for dine føter lagt!»»
Matt NorSMB 22:45  Kallar no David honom herre, korleis kann han då vera son hans?»
Matt NorSMB 22:46  Men ingen kunde svara honom eit ord. Og ingen torde etter den dag koma med fleire spursmål til honom.