Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
MATTHEW
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 24
Matt NorSMB 24:1  Då Jesus steig ut or templet og tok til å ganga burtetter vegen, gjekk læresveinarne fram og vilde syna honom tempelbygningarne.
Matt NorSMB 24:2  «Ja, ser de ’kje alt dette!» svara han. «Det segjer eg dykk for sant: Her ligg ikkje stein på stein som ikkje skal rivast ned.»
Matt NorSMB 24:3  Sidan, då han sat på Oljeberget, og ingen annan var med, gjekk læresveinarne fram til honom og sagde: «Seg oss: Når skal alt dette henda, og kva merke skal me hava på koma di og enden på verdi!»
Matt NorSMB 24:4  Då svara Jesus: «Sjå dykk fyre, so ingen forvillar dykk!
Matt NorSMB 24:5  For mange skal taka mitt namn og segja: «Eg er Messias», og føra mange på avveg.
Matt NorSMB 24:6  De skal få høyra ufred og gjetord um ufred; sjå til at de ikkje vert skræmde! For dette lyt henda; men endå er ikkje enden komen.
Matt NorSMB 24:7  Folk skal reisa seg imot folk, og rike mot rike, og det skal vera uår og jordskjelv kring i landi;
Matt NorSMB 24:8  men alt det er berre upptaket til føderiderne.
Matt NorSMB 24:9  Då skal dei driva dykk ut i naud og fåre og slå dykk i hel, og alle folk skal hata dykk for mitt namn skuld.
Matt NorSMB 24:10  Mange skal då falla ifrå, og svika og hata kvarandre,
Matt NorSMB 24:11  og mange falske profetar skal stiga fram og føra mange på avveg;
Matt NorSMB 24:12  og av di uretten hev vorte so stor, skal kjærleiken kolna hjå mengdi.
Matt NorSMB 24:13  Men den som held ut til endes, han skal verta frelst.
Matt NorSMB 24:14  Og dette evangeliet um Gudsriket skal kunngjerast yver heile mannaheimen, so alle folkeslag fær vita um det, og då skal enden koma.
Matt NorSMB 24:15  Når de då ser at den øydande styggedomen som Daniel, profeten, hev tala um, stend på den heilage staden» - agta vel på dette du som les! -
Matt NorSMB 24:16  då lyt dei som er i Judalandet røma til fjells,
Matt NorSMB 24:17  og den som er uppå taket, må ikkje stiga ned og henta noko i huset sitt,
Matt NorSMB 24:18  og den som er utpå marki, må ikkje ganga heim att etter kjolen sin!
Matt NorSMB 24:19  Stakars deim som gjeng med barn eller gjev brjost i dei dagarne!
Matt NorSMB 24:20  Men bed at det ikkje må vera um vinteren eller på ein kviledag de lyt røma!
Matt NorSMB 24:21  For då skal det vera slik hard naud at det aldri hev vore slik naud frå verdi vart til og til no, og vert ikkje sidan heller.
Matt NorSMB 24:22  Og vart ikkje den tidi stutt, so fanst det ’kje liv som vart berga; men for dei utvalde skuld skal den tidi vera stutt.
Matt NorSMB 24:23  Um nokon då segjer til dykk: «Sjå her er Messias,» eller «der,» so må de ikkje tru det.
Matt NorSMB 24:24  For det skal standa fram falske Messias’ar og falske profetar og gjera store teikn og under, so jamvel dei utvalde kunde forvillast, um det var råd.
Matt NorSMB 24:26  Segjer dei no med dykk: «Han er ute i øydemarki,» so gakk ikkje der ut! eller: «Han er inni koven,» so tru det ikkje!
Matt NorSMB 24:27  For liksom ljonet gjeng ut ifrå aust og skin radt til vest, so skal det vera når Menneskjesonen kjem.
Matt NorSMB 24:29  Men straks etter dei dagarne og trengslorne deira skal soli myrkjast, og månen missa sitt ljos; stjernorne skal falla ned frå himmelen, og himmelkrafterne skakast.
Matt NorSMB 24:30  Då skal teiknet åt Menneskjesonen syna seg på himmelen, og alle ætter på jordi skal øya og gråta, og dei skal sjå Menneskjesonen koma i himmelskyerne med velde og stor herlegdom.
Matt NorSMB 24:31  Med luren ljomar, skal han senda ut englarne sine, og dei skal sanka i hop dei han hev valt seg ut, frå heimsens fire hyrno, frå himmelbrun til himmelbrun.
Matt NorSMB 24:32  Lær ei likning av fiketreet: Når sevja hev kome i greinerne, og lauvet tek til å spretta, då veit de at sumaren er nær.
Matt NorSMB 24:33  Like eins når de ser alt dette; då veit de at han er utfor døri.
Matt NorSMB 24:34  Det segjer eg dykk for visst: Denne ætti skal ikkje forgangast fyrr alt dette hev hendt.
Matt NorSMB 24:35  Himmel og jord skal forgangast, men mine ord skal aldri forgangast.
Matt NorSMB 24:36  Men den dagen og timen veit ingen, ikkje englarne i himmelen - ingen utan Faderen åleine.
Matt NorSMB 24:37  For som det var i Noahs dagar, so skal det vera når Menneskjesonen kjem:
Matt NorSMB 24:38  liksom dei i dagarne fyre storflodi åt og drakk, og gifte seg og vart burtgifte, alt til den dagen då Noah gjekk inn i arki,
Matt NorSMB 24:39  og ingen visste ordet av fyrr storflodi kom og tok deim alle burt, so skal det vera når Menneskjesonen kjem.
Matt NorSMB 24:40  Då er tvo menner ute på marki; den eine vert henta, og den andre vert att.
Matt NorSMB 24:41  Tvo kvinnor mel på kverni; den eine vert henta, og den andre vert att.
Matt NorSMB 24:42  So vak då! For de veit ikkje kva dag herren dykkar kjem.
Matt NorSMB 24:43  Men det skynar de, at dersom husbonden visste kva tid på natti tjuven kom, so vakte han og let ingen brjota seg inn i huset.
Matt NorSMB 24:44  Difor lyt de og vera ferdige! Menneskjesonen kjem på ei tid de ikkje ventar honom.
Matt NorSMB 24:45  Kvar er no den trugne og vituge drengen som husbonden hev sett yver tenestfolket, so han skal gjeva deim mat i rett tid?
Matt NorSMB 24:46  Sæl er den drengen som husbonden ser gjera so når han kjem.
Matt NorSMB 24:47  Det segjer eg dykk for visst: Han skal setja honom yver alt det han eig.
Matt NorSMB 24:48  Men er drengen ein skarv, og segjer med seg: «Husbonden min vert lenge burte,»
Matt NorSMB 24:49  og han so tek til å slå dei hine tenarane, og et og drikk i lag med drikkarar,
Matt NorSMB 24:50  då skal husbonden hans koma på ein dag han ikkje ventar det, og i ein time han ikkje veit av,
Matt NorSMB 24:51  og skjera honom midt i tvo, og lata honom få sin lut med hyklarane, der dei græt og skjer tenner.