Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
MATTHEW
Prev Up Next
Chapter 16
Matt NorSMB 16:1  Då kom farisæarane og sadducæarane og freista honom, og bad at han vilde lata deim få sjå eit teikn frå himmelen.
Matt NorSMB 16:2  Han svara: «Um kvelden segjer de: «Det vert godt ver; for himmelen er raud,»
Matt NorSMB 16:3  og um morgonen: «I dag vert det uver; for himmelen er raud og myrk.» Himmelsbragdi veit de å døma um, men tidarteikni kann de ikkje tyda.
Matt NorSMB 16:4  Ei vond og utru ætt krev etter teikn, men dei skal ’kje få anna teikn enn Jona-teiknet.» Dermed snudde han seg ifrå deim og gjekk burt.
Matt NorSMB 16:5  Då dei so for yver til hi sida, gløymde læresveinarne å taka brød med seg.
Matt NorSMB 16:6  So sagde Jesus til deim: «Sjå til at de tek dykk i vare for farisæar- og sadducæar-surdeigen!»
Matt NorSMB 16:7  Då sagde dei seg imillom: «Det er av di me ikkje tok brød med oss!»
Matt NorSMB 16:8  Jesus gådde det og sagde: «Kvi talar de dykk imillom um det at de ikkje hev brød med, de fåtruande?
Matt NorSMB 16:9  Hev de endå so lite vit? Kjem de ikkje i hug dei fem brødleivarne til dei fem tusund mann, og kor mange korger de fekk att,
Matt NorSMB 16:10  og ikkje dei sju leivarne til dei fire tusund, og kor mange korger de då fekk att?
Matt NorSMB 16:11  Kann de då ’kje skyna at det ikkje var brød eg tala til dykk um? Men agta dykk for farisæar- og sadducæar-surdeigen!»
Matt NorSMB 16:12  Då skyna dei at det ikkje var surdeigen i brødet han hadde meint, men læra åt farisæarane og sadducæarane.
Matt NorSMB 16:13  Då Jesus var komen til bygderne kring Cæsarea Filippi, spurde han læresveinarne sine: «Kven segjer folk at Menneskjesonen er?»
Matt NorSMB 16:14  Dei svara: «Sume segjer: «Johannes døyparen,» andre: «Elia», endå andre: «Jeremia eller ein annan av profetarne.»»
Matt NorSMB 16:16  Då tok Simon Peter til ords og sagde: «Du er Messias, den livande Guds Son.»
Matt NorSMB 16:17  Og Jesus sagde til honom: «Sæl er du, Simon Jonason! for det er ikkje kjøt og blod som hev lært deg det, men far min i himmelen.
Matt NorSMB 16:18  Og no segjer eg deg at du er Peter; yver den steinen vil eg byggja mi kyrkja, og helheimsportarne skal ikkje vinna yver henne.
Matt NorSMB 16:19  Eg vil gjeva deg lyklarne til himmelriket; det som du bind på jordi, skal vera bunde i himmelen, og det som du løyser på jordi, skal vera løyst i himmelen.»
Matt NorSMB 16:20  So forbaud han læresveinarne å segja det med nokon at han var Messias.
Matt NorSMB 16:21  Frå den tidi tok Jesus til å syna læresveinarne at han laut fara til Jerusalem og tola mykje vondt av styresmennerne og dei øvste prestarne og dei skriftlærde, og at dei kom til å drepa honom, men tridje dagen skulde han standa upp att.
Matt NorSMB 16:22  Peter tok honom til sides og for til å telja for honom og sagde: «Hjelpe deg Gud, Herre! Slikt må aldri henda deg!»
Matt NorSMB 16:23  Då snudde han seg imot Peter og sagde: «Gakk utor augo mine, Satan! Du er meg eit styggje, for du hev ’kje ans for det som er Guds vilje, men berre for det som er menneskjevilje.»
Matt NorSMB 16:24  Same gongen sagde Jesus til læresveinarne sine: «Vil nokon vera i lag med meg, so lyt han gløyma seg sjølv, og taka krossen sin upp og fylgja etter meg.
Matt NorSMB 16:25  For den som vil berga livet sitt, skal missa det; men den som misser livet for mi skuld, skal finna det.
Matt NorSMB 16:26  Kva batar det eit menneskje, um han vinn heile verdi, men taper sjæli si? Eller kva hev menneskjet å gjeva i byte for sjæli si?
Matt NorSMB 16:27  For Menneskjesonen skal koma i herlegdomen åt far sin med englarne sine, og då skal han gjeva kvar og ein lika for det dei hev gjort.
Matt NorSMB 16:28  Det segjer eg dykk for visst: Sume av dei som stend her, skal ikkje smaka dauden fyrr dei hev set Menneskjesonen koma i sitt kongelege velde.»