Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
MATTHEW
Prev Up Next
Chapter 2
Matt NorSMB 2:1  Det var i Betlehem i Judalandet Jesus kom til verdi, i kong Herodes’ dagar. Då kom det nokre vismenner frå Austerlandi til Jerusalem og sagde:
Matt NorSMB 2:2  «Kvar er den jødekongen som nyst er fødd? Me såg stjerna hans i Austerland, og no er me komne og vil hylla honom.»
Matt NorSMB 2:3  Då kongen, Herodes, høyrde det, vart han forfærd, og heile Jerusalem med.
Matt NorSMB 2:4  Han kalla i hop alle dei øvste prestarne og alle skriftlærde i landet, og spurde deim kvar Messias skulde koma til verdi.
Matt NorSMB 2:5  «I Betlehem i Judalandet,» svara dei, «for so stend det skrive hjå profeten:
Matt NorSMB 2:6  «Du Betlehem, du Juda-bygd, av Juda-jarlarne er du visst ikkje ringaste i rang: Or deg ein fyrste skal gå fram som Israel, mitt eige folk, liksom ein hyrding gjæta skal.»»
Matt NorSMB 2:7  Då kalla Herodes vismennerne til seg i løynd, og spurde deim ut um tidi då stjerna hadde synt seg.
Matt NorSMB 2:8  So styrde han deim i veg til Betlehem og sagde: «Far no dit, og høyr dykk vel fyre um barnet, og når de hev funne det, so seg meg til, so eg og kann koma og hylla det!»
Matt NorSMB 2:9  Då dei hadde høyrt på kongen, tok dei i vegen, og best det var, fekk dei sjå den same stjerna som dei hadde set i Austerland; ho for fyre deim, til ho kom uppyver der som barnet var; der vart ho standande.
Matt NorSMB 2:10  Då vismennerne såg stjerna, vart dei so glade at dei aldri hadde vore so glade.
Matt NorSMB 2:11  Dei gjekk inn i huset, og fann barnet hjå mori, Maria. Då fall dei på kne, og hyllte barnet. Og dei let upp skrini, sine og bar fram for det gåvor: gull og røykjelse og myrra.
Matt NorSMB 2:12  Og Gud varsla deim i draume, at dei ikkje måtte fara attende til Herodes, og so tok dei ein annan veg heim att til landet sitt.
Matt NorSMB 2:13  Vel dei var farne, so syner Herrens engel seg for Josef i draume og segjer: «Statt upp! Tak barnet og mori, og røm til Egyptarland, og ver der til eg segjer deg til! For Herodes kjem til å leita etter barnet og vil gjera ende på det.»
Matt NorSMB 2:14  Då stod han upp, og same natti tok han barnet og mori og for til Egyptarland,
Matt NorSMB 2:15  og der vart han verande til Herodes var avliden, so det skulde sannast det som Herren hev tala gjenom profeten, når han segjer: «Or Egyptarland kalla eg min son.»
Matt NorSMB 2:16  Då Herodes såg at vismennerne hadde havt honom til narr, vart han brennande harm. Han sende ut folk og let dei drepa alle guteborn i Betlehem og heile grannelaget på tvo år og derunder, etter den tidi han hadde fenge vita av vismennerne.
Matt NorSMB 2:17  Då vart det sanna det som Jeremia, profeten, hev tala, når han segjer:
Matt NorSMB 2:18  «Dei høyrde ei røyst i Rama - gråt og øying stor: Rakel ho gret for borni sine, og ansa ’kje trøystarord; for burte er dei, burte!»
Matt NorSMB 2:19  Då Herodes var avliden, syner Herrens engel seg i draume for Josef i Egyptarland og segjer:
Matt NorSMB 2:20  «Statt upp! Tak barnet og mori, og far til Israelslandet! For no er dei burte dei som leita etter barnet og vilde taka livet av det.»
Matt NorSMB 2:21  So stod han upp, og tok barnet og mori og for til Israelslandet.
Matt NorSMB 2:22  Men då han fekk spurt at Arkelaus hadde vorte konge i Judariket etter far sin, Herodes, torde han ikkje koma dit. Han gjorde som Gud sagde til honom i draume, og for burt til Galilæa-bygderne,
Matt NorSMB 2:23  og då han kom til ein by som heiter Nasaret, vart han buande der. Soleis skulde det koma til å sannast det som er sagt gjenom profetarne, at han skulde kallast Nasaræar.